Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mesopause

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mesopausen er ei grense mellommesosfæren ogtermosfæren, som er to lag iatmosfæren til Jorda. I mesosfæren søkk temperaturen med høgda, medan temperaturen i termosfæren aukar med høgda på grunn av at solstråling blir absorbert av oksygenatom. Mesopausen markerer grensa der temperaturen går frå å falle med høgda til der temperaturen byrjar å stige med høgda.

Mesopausen ligg i om lag 80 km høgde, og er om lag i same nivå somturbopausen. Under dette nivået vil alle gassar i lufta vere meir eller mindre uniformt blanda, medan konsentrasjonen av kvar enkelt gass vil endre seg med høgda over dette nivået.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mesopause&oldid=2532506»
Kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp