Mento | |||
![]() | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Jamaica | ||
Typiske instrument | |||
Avleidde former | Ska |
Mento er einjamaicansk musikksjanger danna som ei blanding aveuropeisk ogafrikanskfolkemusikk påJamaica. Han oppstod på slutten av 1800-talet, og har mykje til felles medcalypso fråTrinidad og Tobago. Seinare utvikla visse mentostilar seg tilska ogreggae.
Mento byggjer på musikalske tradisjonar førte til Jamaica av vestafrikanske slavar.[1] Dei tok også til seg europeiske musikalske tradisjonar. Slavar som kunne spela instrument måtte ofte spela for eigarane sine, og kunne få god belønning for evnene sine.[1] Musikken dei laga blei ei kreolform med element frå dei ulike tradisjonane, somkvadrilje, ei europeisk musikkform som fekk ei ny form i Karibia.[1][2]
På 1920-talet spelte fleire karibiske jazzmusikarar inn mentolåtar, og på 1930- og 1940-talet blei mentoduoen Slim & Sam, som spelte rundt om iKingston, kjende. Stilen blei populær på slutten av 1940-talet, og mento blei vanleg å framføra på dansar, festar og andre tilstellingar på Jamaica.[2]Tidleg på 1950-talet blei det gjort skikkelege mentoinspelingar på78-plater, og denne tida er rekna som ein gullalder for musikkstilen, både i omfang, kreativitet og popularitet. Dette var også byrjinga på den jamaicanske plateindustrien.
Nokre viktige artistar frå 1950-talet erLouise Bennett,Count Lasher, Harold Richardson,Lord Flea, Lord Fly, Alerth Bedasse med Chin's Calypso Sextet,Laurel Aitken, Denzil Laing, Lord Composer, Lord Lebby, Lord Power, Hubert Porter ogHarry Belafonte, sistnemnde ein jamaicansk-amerikanar frå New York. Belafonte hadde stor suksess i 1956-1958 med songar som «Day-O (The Banana Boat Song)» og «Jamaica Farewell» - mentosongar marknadsførte somcalypso.
Mento har mange fellestrekk med calypso, og dei to sjangrane er ofte blitt blanda. Mento er også blitt kallacalypso,kalypso ogmento calypso.[1] Mentosongarar kan også framføra calypsosongar og brukt calypsoteknikkar. Vidare har dei to sjangrane liknande emne, som daglegdagse emne med ein humoristisk snert, samstundes som dei også kan kommentera samfunnsproblem.[1]
Tekstane til mentosongar tek ofte opp emne knytt til dagleglivet på ein lett eller humoristisk måte. Dei kan til dømes ta opp fattigdom, dårlege hus eller parforhold. Tynt skjulte seksuelle referansar oginnuendo er også vanleg.I nokre av motiva og temaa sine kan mento reknast som ein føregjengar for modernedancehallmusikk.
Mento påverka dei seinare sjangeraneska ogreggae, som på 1960-talet overskugge opphavet. Sjangeren blir likevel framleis spelt på Jamaica, særleg i turistområde. Det er også blitt laga nye versjonar av gamle mentolåter, somdancehall-artistenElephant Man sin «Hill and Gully».Reggae-historikarenLloyd Bradley har sagt atLee «Scratch» Perry sitt kjendedubalbum frå 1976,Super Ape, inneheldt noko av den reinaste mentopåverknaden han visste om.[4] Stilen blei teken opp igjen av gruppaJolly Boys seint på 1980-talet og tidleg på 1990-talet med fire album påFirst Warning Records/Rykodisc, og ein turné til mellom anna USA.[2]Stanley Beckford og Gilzene and the Blue Light Mento Band tok også opp att landsby-mento i 2000-åra.