Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mensjevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mensjevik

LandDet russiske imperiet
Grunnlagt1903

Mensjevik er ei nemning for dei medlemene iRusslands Sosialdemokratiske Arbeidarparti RSDRP/RSDAP som var usamde medVladimir Lenin om korleis partiet skulle fungere. Dei skilde seg ut som ei eiga gruppe etter usemje om krav til medlemmar ved partikongressen 1903.[1]

Mensjevikane meinte det tilbakeliggjande jordbrukslandetRussland, styrt av ein eineveldigtsar og utandemokratiske tradisjonar, på ingen måte var modent forsosialisme. Dermed var dei russiskesosialdemokratane si oppgåve å hjelpe denliberale opposisjonen med å opprette eitborgarleg demokrati, og straks dette var oppretta å fungere som ein sosialdemokratiskopposisjon innanfor dette og byggje opp ei sterk fagrørsle etter kvart som industriarbeidarklassen voks. Altså gå i fotspora til den sentral- og vesteuropeiskearbeidarrørsla, som mensjevikane kjende seg sterkt knytte til.

Mensjevisme blir såleis synonymt meddemokratisk sosialisme i ein russisk kontekst.

Den fremste personlegdomen blant mensjevikane varJulius Martov. Martov støtta opprettinga av ei regjering som baserte seg påsovjeta (arbeidarråda) i november1917, men kritiserte atbolsjevikane i praksis innførte eit eittpartistyre. Han kritiserte oppløysinga av den fritt valde grunnlovgivande forsamlinga vinteren1918, der bolsjevikane var i mindretal, og kravde ei samlingsregjering av allevenstrepartia. Han kritiserte bruken av dødsstraff, som bolsjevikane hadde lova å avskaffe. Han støtta likevel sovjetregjeringa underborgar- og intervensjonskrigen, fordi alternativet var tsaren sine generalar. Men etter krigen var slutt i1920, bleimensjevisme i alle former likevel forboden, og Martov drog i eksil, til liks med mange andre mensjevikar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Menshevik | Definition, Facts, & History | Britannica»,www.britannica.com (på engelsk), 3. august 2023, henta 27. august 2023 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mensjevik&oldid=3500131»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp