Menorca (latinskBalearis Minor, seinareMinorica «den vesle øya») er ei øy iBalearane iMiddelhavet høyrer iSpania. Ho har fått namnet sitt frå at ho er mindre enn naboøyaMallorca.
Menorca har om lag 80 000 innbyggjarar. Det høgaste punktet er El Toro eller Monte Toro og er 358 meter over havet.
Øya er kjend for fleiremegalittiske steinmonument som syner at det har vore menneske her særs lenge. Somme av dei tidlegaste kulturane på Menorca var påverka av andre kulturar i Middelhavet, somden minoiske kulturen påKreta. Til dømes nytta dei gipsa tømmersøyler som iKnossos.[1]
Mot slutten avpunarkrigane auka sjørøveriet i den vestlege delen av Middelhavet.Den romerske republikken erobraHispania og handelen mellomDen iberiske halvøya ogDen italienske halvøya auka. Sjørøvarar tok nytta av den strategiske plasseringa til Balearane og gjekk til åtak på romarane frå både Menorca og Mallorca. Som reaksjon på dette invaderte romarane Menorca. I 121 f.Kr. var begge øyane under romersk kontroll og vart seinare innlemma i provinsenHispania Citerior.
I 13 f.Kr. omorganiserte keisarAugustus provinssystemet og Balearane vart ein del av provinsenTarraconensis. Den gamle byenMago vart gjort om frå einkartagisk by til ein romarby.[2]
Vandalar erobra øya på 400-talet.Austromarriket erobra ho tilbake i 534. Etter atmaurarane erobra Spania vart Menorca annektert tilkalifatet Cordoba i 903 og fekk namnetManûrqa. I 1231, etter at kristne styrkar gjenerobra Mallorca, vart Menorca ein sjølvstendig islamsk stat, men underordna kongJakob I av Aragon. Øya vart først styrt avAbû 'Uthmân Sa'îd Hakam al Qurashi (1234–1282) og så av sonenAbû 'Umar ibn Sa'îd (1282–1287). Aragon invaderte øya 17. januar 1287, ført avAlfonso III, og dette vert i dag feire som ein nasjonaldag på Menorca. Dei fleste av dei muslimske innbyggjarane på øya vart gjort til slavar og seld på slavemarknadane påIbiza,Valencia ogBarcelona. Fram til 1344 var øya ein del avKongedømet Mallorca, som òg var ein vasallstat under Aragon. Dette vart annektert til Aragon og seinare ein del av det samle kongedømet Spania. På 1500-talet øydela dentyrkiske marinenMaó og det som då var hovudstaden,Ciutadella.
Den britiske marinenerobra øya i 1708 underden spanske arvefølgjekrigen og Menorca vart så britisk. Overføringa til Storbritannia vart stadfesta medUtrecth-traktaten. Under guvernørenGeneral Richard Kane vart hovudstaden på øya flytta til Maó og det vart bygd ein marinebase her. Undersjuårskrigen klarte ikkje ein britisk skvadron å stoppeei fransk omleiring av Menorca og den 20. mai 1756 vart admiralJohn Byng dømd for krigsrett og avretta. Denne hendinga,slaget ved Menorca, markerte starten på sjurårskrigen i Europa. Trass i nederlaget heldt britane ut lenge, men garnisonen måtte til slutt kapitulere og fekk vende fritt attande til Storbritannia den 29. juni same året.Paristraktaten av 1756 gjorde likevel at britane fekk halde på Menorca. Underden amerikanske sjølvstendekrigen vart britane slått nok ein gong på Menorca av ein samle fransk-spansk styrke. Dei invaderte øya etter ei lang omleiring avSt. Philip's Castle den 5. februar 1782. Meorca vart gjenerobra av britane i 1798 underdei franske revolusjonskrigane, men medAmiens-traktaten vart øya endeleg og permanent avstått til Spania i 1802. Spor av britane er framleis synlege i den lokale arkitekturen.
Underden spanske borgarkrigen var Menorca lojale til republikanarane, medan resten av Balearane støtta nasjonalistane. Det var ingen kamphandlingar på Menorca, bortsett frå nokre luftåtak av italienske luftstyrkar. Etter at nasjonalistane vann i 1939 deltok britane fredeleg i evakueringa av styresmaktene på Menorca.
Burns, Robert I. (1990) «Muslims in the Thirteenth Century Realms of Aragon: Interaction and Reaction»", s.67, I: Powell, J.M. (red.)Muslims under Latin Rule, 1100–1300, s. 57–102, Princeton University Press.ISBN 0-691-05586-6.