Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mellomalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråMellomalder)
Scener frå ein jordbrukskalender i eit manuskript av Pietro Crescenzi frå rundt 1306.
Bondeopprør i mellomalderen.

Mellomalderen er nemninga på ein periode mellomførhistorisk tid og nyare tid som vert avgrensa ulikt ettersom kva for land eller område det er tale om, og i kva fag omgrepet vert nytta. I generelleuropeisk historie er mellomalderen vanlegvis rekna som tidsrommet fråantikken tilrenessansen, inordisk samanheng fråkristninga på midten av 1000-talet fram tilreformasjonen midt på 1500-talet, altså ein seinare og mykje stuttare tidsbolk.

INoreg er det vanleg å definere mellomalderen til tida frå 1030, dåslaget på Stiklestad skal ha gått føre seg og ha ført til den endelege kristninga av Noreg, og fram til reformasjonen i 1536, altså den tida då den romersk-katolske kyrkja var Noregs offisielle kyrkje — sjånedanfor. Men om dette er ei nyttig og rett inndeling, vert stendig diskutert i fagkrinsar. I somme høve vertvikingtida, som er den siste parten av førkristen tid, rekna med til mellomalderen.

Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste,overtruiske ogbarbariske folk var på denne tida. I nyare tid harhistorikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.

OmgrepetMellomalder skriv seg frå den italienske historieskrivinga irenessansen. Ordet vart først nytta avFlavio Biondo, for å markere ei tredeling av italiensk historie. Tanken om «mørk mellomalder» vart sett fram av diktarenFrancesco Petrarca, og denne historieforståinga har hatt gjennomslag mest over heile Europa, sjølv om den klassiske tredelinga (antikken/mellomalderen/nytida) skriv seg frå italienske tilhøve.

Periodar

[endre |endre wikiteksten]

Overgangen frå antikk tid tiltidleg mellomalder var prega avfolkevandringar, der særleg grupper avgermanske stammar drog rundt iEuropa og skapte uro.Vestgotarane plyndraRoma for første gong i475, noko som innebar slutten forVestromarriket. Ein kallar midtperioden i mellomalderenhøgmellomalderen, og seier at han starta med kroninga avKarl den store i800.

Den siste delen av tidsrommet kallar meseinmellomalderen, som starta om lag dåThomas Aquinas gav ut verket sittSumma Theologica i1273.

Alternativ periodeinndeling

[endre |endre wikiteksten]

Etter vanleg rekning tek mellomalderen til om lag samstundes med at Romarriket fall i476. Tidleg mellomalder strekkjer seg då frå om lag500 og dekkjer tida frå folkevandringane fram til vikingferdene tek slutt, om lag1100.

Høgmellomalderen er rekna som samanfallande medgotikken, og tek då til i 1100, og dekkjer tidsrommet frå då og fram til1350.

Til vanleg kan ein og seia atseinmellomalderen byrjar om lag1350, medSvartedauden. Denne tidbolken varar til om lag1500, då dei store sjøferdene tek til. Seinmellomalderen var på mange vis rekna somnedgangstid, og det er stor overlapping mellom denne tidbolken ogrenessansen.

Mellomalderen i Noreg

[endre |endre wikiteksten]

Ein reknar gjerne med at den norske mellomalderen starta i år1030, då landet blei kristna, og varte til reformasjonen i1536.

Sjå au

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Mellomalderen
Spire
Dennehistorieartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mellomalderen&oldid=3356979»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp