Massemedium eller berremedium er alle typar kommunikasjon som vert brukte for å nå ei stor mengd menneske, typisk innbyggjarane i eit land. Omgrepet vart til påengelsk på 1920-talet, og viser derfor til mange nye eller vidareutvikla former for medium som samfunnet fekk på denne tida.Aviser,blad,radio,fjernsyn ogkinofilm er døme på desse, medan andre former somInternett er komne til i nyare tid.
Utvikling av nye former for medium, somfilm, og nyekopieringsmåtar ved byrjinga av 1900-talet førte til ein stor auke i det som blei gjeve ut, og måten det blei utgjeve på.
På same tid som medium og medieomgrepet utvikla seg, såg ein det store potensialet massemedium hadde til å påverka massane. Dei kunne brukast tilpropaganda ogreklame, men òg til å kritisera det som var feil i samfunnet. Med eit større nedslagsfelt fekk media større gjennomslagskraft.
Massemedium er blitt kalladen fjerde statsmakta ettersom dei kan påverkaopinionen ut frå kva dei skriv om. Ved å vera kritiske skal dei kunna fellaregjeringer, og ved å lovprisa skal dei kunna støtta dei.Ei fri og kritisk presse vert derfor rekna som svært viktig i eit verkelegdemokrati. Den uavhengige pressa kan verta truga avsensur både frå myndigheitene si side og frå sterke eigarinteressar eller annonsørar.