McMurdo Sound | |||
sund | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77°30′S165°00′E / 77.500°S 165.000°E /-77.500; 165.000 | ||
Lengd | 55 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() McMurdo Sound 77°30′S165°00′E / 77.5°S 165°E /-77.5; 165 | |||
Wikimedia Commons: McMurdo Sound |
McMurdo Sound er eit isdekt sund iAntarktis som er 55 km langt og breitt. Det knyterRosshavet i nord til holet i Rossisen i sør viaHaskell Strait.
Sundet er stort sett dekt avMcMurdo isbrem.Royal Society Range stig opp frå kysten av sundet til 4 205 moh. på vestsida.Ross Island, eit historisk utgangspunkt for mange polekspedisjonar, ligg på austsida av sundet. Den aktive vulkanenMount Erebus på 3 794 moh. dominerer Ross Island. Den største forskingabasen iAntarktis, den amerikanskeMcMurdo-basen, og den newzealandskeScott-basen ligg på sørsida av øya. Mindre enn 10 % av kysten av McMurdo Sound er isfri.[1]
KapteinJames Clark Ross oppdaga dette sundet, som ligg kring 1300 km frå Sørpolen i februar 1841, og kalla det opp etter løytnantArchibald McMurdo påHMS «Terror».[2] Sundet er i dag ein del av forsyningsruta for fraktefartøy og fly som landar på den flytande isen nær McMurdo-basen. McMurdo-basen har vore kontinuerleg busett sidan 1957-58 og dette har ført til stor forureining ved forureining vedWinter Quarters Bay.
Pakkisen som ligg kring kysten ved Winter Quarters Bay og andre stader i sundet er ei stor hindring for skipsfarten til stasjonane. Fartøya må derfor ha isforsterka skrog og må ofte eksorterast av kraftigeisbrytarar. Dei ekstreme tilhøva gjer at det berre er eit fåtal turistar som kjem hit, medan det er langt fleire i dei meir opne farvatna kringDen antarktiske halvøya. Dei få turistane som kjem til McMurdo Sound kjem hit for den flotte naturen og det rike dyrelivet medspekkhoggarar,selar,adeliepingvinar ogkeisarpingvinar.
Dei kalde havstraumane iSørishavet hindrar varmt vatn frå Stillehavet og Sør-Atlanteren å nå McMurdo Sound og andre kystfarvatn kring Antarktis. Ein bitandekatabatisk vind kjem ned frå isplatået påAntarktis og mot McMurdo Sound, som er ein av dei kaldaste og mest vindfulle stadane i verda. McMurdo Sound frys til med havis, som vert over tre meter tjukk i løpet av vinteren. Om sommaren brytpakkisen opp. Vind og straumar kan føre isen nordover i Rosshavet og få dei kalde botnstraumane til å renne over i havbassenga i verdshava. Temperaturane i løpet av dei mørke vintermånadane ved McMurdo-basen har vore så låge som -51 °C. I desember og januar, som er dei varmaste månadane, er middeltemperaturen -1 ºC.
McMurdo Sound var ein viktig vassveg for utforskinga av Antarktis tidleg på 1900-talet. Dei britiske polfararaneErnest Shackleton ogRobert Scott bygde basane sine ved kysten av sundet og nytta desse som utgangspunkt for ekspedisjonane sine tilSørpolen. Sundet er framleis ein viktig logistisk stad i dag. Flya som transporterer mannskap og forsyningar til basane her landar på havisen vedWilliams Field.
Ross Island er den sørlegaste plassen i Antarktis som er tilgjengeleg for skip. Hamna i Winter Quarters Bay er derfor den sørlegaste hamna i verda, men om skipa kan nå fram eller ikkje er avhengig av istilhøva. Om vinteren er sundet praktisk talt umogeleg for skip å segle inn i sundet på grunn av den tjukke isen. Sjølv om sommaren kan det vere vanskeleg å segle inn i sundet, og det krevs vanlegvis kraftige isbrytarar for å nåMcMurdo-basen. Stundom kan derimot havstraumane og den kraftige vinden frå Antarktis drive pakkisen nord og ut iRosshavet, slik at ein for ei lita stund får ope farvatn.
I mars 2000 braut det 282 km langeIsfjell B-15, den største som var sett til då, laus frå Rossisen i mars 2000. 27. oktober 2005 braut brått B-15 i stykke. Dette kom truleg av store havdønningar skapt av eit jordskjelv 13 000 km unna iAlaskabukta.[3] Vind- og havstraumar førte det mindre, men likevel massive, Isfjell B-15A inn i McMurdo Sound. Det enorme omfanget til B-15A, som sette seg fast i botnen av sundet, hindra ei stund utstrøyminga av pakkisen frå McMurdo Sound. I tillegg hindra det tusenvis av pingvinar tilkomst til ope vatn, som er naudsynt for at dei skal få mat. I tillegg bygde pakkisen seg opp bak isfjellet iRosshavet og skapte ein ein nesten 150 km lang mur som hindra to fraktefartøy å nå McMurdo-basen med forsyningar. Kraftige isbrytarar vart leigd inn for å lage ei skipslei inn til basen.
Dei polare vindane er drivkrafta bak vêrsystema som oppstår i området. Den kalde, tunge lufta frå polarplatået strøymer ned mot kysten frå høgder på over 3000 moh. Desse tørre vindane kan lett nå orkan styrke når dei kjem fram til kysten. Dei kraftigaste vindane som er registrert i Antarktis vart registrert ved kyststasjonen Dumont d'Urville i juli 1972 med ein styrke på 327 km/h (Australian Government Antarctic Division) eller 91 m/s. Dei vedvarande vindane som bles gjennom McMurdo Sound kjem mellom fjellovergangane og andre landformasjonar og skapar snøstormar som lokalt vert kalla «Herbies». Slike snøstormar kan oppstå heile året, men sidan lufta frå kontinentet er særs tørr, fører dei sjeldan med seg ny snø, men heller snø som alt er lagt på bakken. Det årlege snøfallet på Ross Island svarar til dømes berre til kring 176 mm, medan det på det indre av Antarktis er mindre enn 5 mm i året. På vestsida av McMurdo Sound finn ein ògMcMurdo Dry Valleys der det sjeldan snør.
Kjelde: U.S. National Science Foundation.