Mayotte er ei øy og eitfranskoversjøisk område nord-vest forMadagaskar. Geografisk er øya del av øygruppaKomorane men politisk vart ho skild frå Komorane då resten av øygruppa vart sjølvstendig i 1975. Folket på Mayotte valde ved folkeavrøystingar i 1974 og 1976 å verta verande franske. Hovudstaden heiterMamoudzou.
Mayotte vart eit fransk protektorat 25. mars 1841, i 1912 vart øya annektert av Frankrike. I 1974 vart det heldt folkeavrøystingar på alle øyane i Komorane om sjølvstende frå Frankrike, Mayotte var den einaste øya som røysta for å verta verande fransk, med 63,8 % fleirtal. Dette vart stadfesta ved ei ny folkeavrøysting i 1976. Mayotte vart difor skild frå resten av Komorane, som vart ein sjølvstendig republikk. Komorane gjer framleis krav på Mayotte. Ved fleire høve har det vorte fremja forslag iTryggingsrådet iSN som støttar Komorane sitt krav på Mayotte, desse har kvar gong vorte støtta av 11 av 15 røyster, men vorte stansa av Frankrike sittveto.Den afrikanske unionen støttar òg Komorane sitt krav på Mayotte.