Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Masse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Masse,materie ellersubstans er ein eigenskap ved alt som som er karakterisert ved at stoffet hartregleik og tyngde (gravitasjon). Det vanlege symbolet er m. Masse må ikkje forvekslast medtyngde, som er proporsjonal med massen og medtyngdeakselerasjona. Massen til ein lekam er nær konstant, same kvar han er, medan tyngda varierer med tyngdeakselerasjon.

SI-eininga for masse erkilogram. Eitt kilogram er 1000gram og vert forkortakg.

Er massen konstant?

[endre |endre wikiteksten]

Det er nærliggande for oss å sjå massen som konstant. Dette er likevel ikkje rett i følgjeEinsteinsrelativitetsteori der masse ogenergi er to sider av same sak. I følgje relativitetsteorien er

E =mc²

derE er energi,m er masse ogc er lysfarten i tomt rom, ein konstant.

Etter relativitetsteorien vil ein lekam som får tilført energi, for eksempel i form av auka rørsleenergi, derfor òg få auka massen. Me har likevel tradisjon for å sjå massen som konstant fordi feilen me gjer er så liten for lekamar med fart mykje lågare enn lysfarten.

Masse kontra vekt

[endre |endre wikiteksten]

Omgrepetmasse vert ofte samanblanda medvekt. Når me seier at«vekta er 52 kilo», meiner me enten at gjenstanden harmasse på 52 kilogram, eller at gjenstanden har vekt tilsvarande ein lekam med masse på 52 kg på jorda. Det siste skulle vore uttrykt som«vekta er 52 kilopond». Einpond er nemleg vekta av eitt gram masse på jorda. Pond er ikkje ei SI-eining og er derfor ikkje særleg mykje brukt. Skulle me ha nytta SI-einingar for å fortelje vekta, skulle me i staden ha sagt«vekta er 510newton».

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Masse&oldid=2803434»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp