Steinmaske frå den førkeramiske neolittiske perioden, datert til rundt 7000 f.Kr., og truleg blant dei eldste maskene i verda. (Musée de la Bible et de la Terre Sainte).Papierkrattler, masker ved paraden i det tyske karnevalet Narrensprung i Ravensburg 2005.
Maske er eit ansiktplagg, eit laust dekke framfor ansiktet, ein kan bruka som vern,kamuflasje eller i samband medrituale, opptredenar, underhaldning og leik. Ein har brukt masker sidan oldtida og over heile verda, både til praktiske og seremonielle føremål. Dei har vanlegvis dekt delar av eller heile ansiktet, men i nokre høve òg andre delar av kroppen. I delar avAustralia har ein nytta enorme totemmasker som dekkjer heile kroppen, oginuittkvinner nytta fingermasker underforteljing ogdans.[1]
Den eldste kjende maska som er funnen av arkeologien er ei 5000 år gammal maske fråMesopotamia.[2] Gjennom historia har tilhøvet mellom maske og person vore omskifteleg og tvitydig. Masker har vore brukt til å framstilla det guddommelege, det demoniske, det avskyelege og det latterlege. Masker skjuler det ekte ansiktet og representerer dermed noko falskt og overflatisk. Samstundes kan masker gjera tydeleg og overdriva menneskelege trekk på ein måte det normale ansiktet ikkje kan.
På grunn av den store ekspressive krafta si har masker vore brukt i teater i meir enn tre tusen år. I det greske teateret i antikken gjekk bruken av masker tilbake til den gamle religiøsedionysoskulten. Medlemmane av koret bar same type masker, som var heilt ulike frå dei til hovudskodespelarane.[3] I nordaustlege Asia, særlegKina,Korea ogJapan, har bruken av masker vore gjennomgripande i kulturen og samfunnet, brukt i religiøse ritual, i teateret og i dagleglivet.
Den såkalla «Agamemnon-maska», gullmaske frå 1500-talet f.Kr. vedMykene iHellas.
Ordet «maske» har kome tilnorsk via tysk, fransk og italiensk, truleg frå arabiskemaskhara, 'artist, tryllekunstnar' eller 'klovn'.[4] Gjennomtysk ogfranskmasque og mellomalderlatinskemasca, 'gjenferd, mareritt', og derfrå er opphavet ikkje stadfesta.[5] Det kan det vera ei kortform av arabiskemaskhara, مَسْخَرَۃٌ, igjen avleidd avsakhira, 'latterleggjera'.Arabiskemashara har òg gjeve lånordetmaskara i tydinga 'mørk augesminke til bruk på vippene'.[6]
Detkan ha vore ein innverknad i europeiske språk frå norditalienskemasca, 'heks', som kom frågermansk ellerkeltisk.[6] Ordet «maske» er òg nytta i andre tydingar, som ei garnløkke som blir strikka, hekla eller bunden til ei anna garnløkke. Dette ordet har eit anna opphav: frånorrøntmǫskvi,mǫskvun, avleidd frå germansk.[7]
Etterlikning av gravmaska tilmayaherskaren K'inich Janaab' Pakal ved Museo Nacional de la Máscara i Mexico.
Bruk av masker i religiøse ritual eller seremoniar er ein særs gammal menneskeleg praksis verda over.[8] Masker kan òg brukast som ei form for vern, påjakt, isport, i festivalar og ikrig, eller ganske enkelt som ei form for dekorasjon og utsmykking.[9] Ein del seremonielle eller dekorative masker var ikkje laga for å brukast. Sjølv om bruken av religiøse masker har gått tilbake, har masker tidvis vorte nytta i dramaterapi ellerpsykoterapi.[10]
Bruken av masker i menneskeleg kultur strekkjer seg tilbake fleire tusen år i tid. Ein går ut frå at dei første maskene kan ha blitt brukte av primitive menneske for å assosiera maskeberaren med ei form for overtydande autoritet, anten det var knytt til det guddommelege eller ei anna form for kraft, som å bera ein dyremaske for å ta på seg krafta til dyret, eller på anna vis gje tiltru til ei viss sosial rolle for maskeberaren.
Dei eldste masken som er blitt avdekka er rundt 9 000 år gamle, og finst no vedMusée Biblique (Musée «Bible et Terre Sainte») iParis, ogIsrael Museum iJerusalem.[11] Truleg er bruken av masker mykje eldre – dei eldste kjende menneskeskape kunstverka er mellom 30 000 og 40 000 år gamle,{{mrk|Dei eldste kjende døme på menneskeskapte kunstverk ervenusfigurar somVenus frå Hohle Fels, 35 000 til 40 000 år gammal.</ref> men ettersom dei truleg var laga av slike organiske materiale som måling, lêr og plantemateriale er denne typen masker ikkje bevarte. Ein kan likevel sjå dusinvis av framstillingar av det som likner masker ihòlemåleri fråeldre steinalder.[a] Vedneandertaler-stadenRoche-Cotard i Frankrike er det funne ei flintsteinutskjering som har trekk av eit menneskeleg ansikt. Denne er omtrent 35 000 år gammal, men det er ikkje klart om dette hadde til føremål å fungera som ei maske.[12]
Indiansk «falsk ansikt» i Det etnologiske museet i Berlin.
I ein kult til einsjiva-aktig gud, funne i Anatolia frå ca 6 000 f.Kr., opptrer den unge, nakne, falliske guden med ei maske med horn.[13] I deigreskebakkanalia ogdionysoskulten, som innebar å bera masker, blei den daglege kontrollen av åtferd og veremåte mellombels sett til side, og folk dansa i lystige drikkelag utan omsyn til den ordinære samfunnsrangen eller statusen deira. Den franske forfattarenRené Guénon hevdar at i dei romerske festivalanesaturnalia var dei ordinære samfunnsrollene snudde om. Tidvis blei einslave eller ein kriminell mellombels gjeve vørdnadsteikn og status som kongeleg, berre for å drepast straks festivalen var over.[14]Karnevalet i Venezia, der alle er like og likestilte bak maskene, går tilbake til 1268.[15] Bruken av karnevalmasker i dei jødiskepurimfestane har truleg opphav seint på 1400-talet, sjølv om ein del jødiske forfattarar hevdar at dei alltid har vore ein del av den jødiske tradisjonen.[16]
Dei nordamerikanskeirokesarane nyttar masker til lækjande føremål. Det blir kalla for «falske ansikt-samfunnet» og nyttar dramatiske masker laga av tre i ritual som skal mana fram ånda til den mytiske gamle, pukkelryggede mannen.[17] IHimalaya har masker funksjonar framfor noko anna å vera formidlarar av overnaturlige krefter.[18] Maskene tilyupikfolket iAlaska kan vera små fingermasker, men òg masker på 10 kg som blei hengde frå taket eller bore av fleire menneske samstundes.[19] Masker har òg blitt skapt ved hjelp av plastisk kirurgi for lemlesta soldatar.[20]
Tragedie- og komediemasker som universalt symbol. Relieff av den antikke greske dramatikarenMenandros med teatermasker.
Over heile verda har masker blitt nytta for si uttrykksfulle kraft i framføringar av ulik art, både i rituelle og religiøse samanehngar og i ulike teatertradisjonar. Dei rituelle og dei teatralske definisjonane av masker er tidvis ikkje til å skiljast frå kvarandre, men gjev likevel eit føremålstenleg grunnlag for kategorisering. Bildet av komedie- og tragediemasker side om side er blitt eit universelt symbol, hovudsakleg for å representerateatralske framføringer ogdramatikk.
IRoma i antikken tydde ordetpersona 'maske', eller i dagleg bruk den sosiale rolla eller figuren som blei framstilt av einskodespelar. Ordet er avleidd frå latin (igjen avleidd fråetruskiskephersu med same meining og igjen avleidd frågreske πρόσωπον,prosōpon) der den opphavlege tydinga var ei teatermaske.[21] Det norske ordetperson er kome frålatin tilnorrønepersóna i tydinga eg-et, individ, einskildmenneske.[22][23] I Roma iantikken kunnepersona, i tilleg gtil maske, òg visa til einskildmennesket sin eigenverdi ved at det hadde fulltromersk statsborgarskap. Ein borgar kunne demonstrera slekta si gjennom bilde, forfedrane sine dødsmasker. Desse avtrykka i voks blei tekne vare på i eitlararium, familieheilagdommen. Overgangsritar, slike som innviinga for unge menneske i familien, eller gravleggingar, blei utførte ved heilagdommen framfor maskene til forfedrane. Ved gravferder kunne profesjonelle skodespelar bera desse maskene for å framføra dei ærefulle føretaka frå livet til forfedrane, og såleis knytte rolla til maskene som eit rituelt objekt og i dramatisk setting.[24]
Masker er eit kjent og livleg element i mange folkelege og tradisjonelle opptog, festivalar, seremoniar og ritual, og er ofte av svært gammalt opphav. Maskene er vanlegvis ein del av eit kostyme som dekker heile kroppen og legamleggjer ein tradisjon som er viktig for det religiøse og/eller sosiale livet til samfunnet som ein heilskap eller til ei særskild gruppe innanfor samfunnet. Dei har halde på populariteten gjennom bruk ikarneval, i selskap og i høve som den amerikanske tradisjonenhalloween.[25] I våre dagar er desse masseproduserte, kommersielle plastikkmasker, ofte assosiert med populære filmar, tv-program eller teikneseriefigurar.[26]
Nytte av rituelle masker skjer over heile verda, og sjølv om dei tenderer til å ha mange felles vesentrekk, har det også utvilka seg særs særskilde former. Funksjonen til maskene kan vera magiske eller religiøse; dei kan opptre iovergangsritual eller som ei form forsminke eller maskering i teatertilstellingar. Likeeins kan masker skjula ein angrande synder eller presidera over viktige seremoniar; dei kan hjelpa til å vera formidlar med ånder, eller tilby ein verna samfunnsrolle for dei som gjer bruk av krafta til åndene.
Den akademiske diskusjonen om tydingane av desse og andre maskeformer held fram i Europa der monster, bjørn, ville menn,harlekinar, karusellhestar og andre fantasifulle figurar opptrer i karneval og festlege opptog. Det er generelt akseptert at masker, støy, fargar og høglydt roping hadde som funksjon å fordriva vinteren og mørket, og opna såleis for kreftene til lyset og våren.[27] Dette er truleg gjenspegla i den gamle karnevaltradisjonen påSardinia med mamuthoner som ber dystre, svarte masker og eit kostyme av kubjøller.[28] Tradisjonen er særleg knytt til landsbyenMamoiada, der det lokale museet husar ein del masker frå området og andre delar av Sardinia og Europa.[29]
Karnevaltradisjonen i Venezia er kjend for sine sofistikerte masker.
Ein annan europeisk masketradisjon utvikla seg, meir sjølvbevisst frå hoff- og byhendingar, eller som underhaldning handtert av handverkarlauga. Desse voks tidlegare ut av moro og festar og hadde fått fastare formar på 1400-talet på stader som Roma og Venezia, der dei utvikla seg til livleg underhaldning. Ved karnevala i Venezia samband medskjærtorsdag vardogen ogaristokratiet på Markusplassen. Feinrga involverte også lauga, mellom dei lauge til maskemakarane.[30] Den italienske teaterformacommedia dell'arte påverka utforminga av maskene og karnevalet i Venezia. På slutten av 1500-talet hadde den venetianske karnevaltradisjonen nådd eit høgdepunkt og varte til sist ein heil sesong frå januar og til fasten. På 1700-talet var det blitt einturistattraksjon.Goethe uttalte at han var stygg nok til at han ikkje trong ei maske. Karnevalet blei undertrykt under Napoleon sin italienske republikk, men på 1980-talet blei kostyma og maskene frå stordomstida gjeninnførte. Også andre sentraleuropeiske byar var påverka av tradisjonane frå Venezia.
Underreformasjonen byrja mange av karnevalskikkane å døy ut iprotestantiske regionar, men synest å ha overlevd ikatolske område til trass for opposisjon frå kyrkjeleiarane. På 1800-talet fanst karneval i relativt rike borgarlege bysamfunn med forseggjorte masker og kostyme side om side med dei meir ujamne og folkelege skikkane i rurale område. Sjølv om desse borgarlege maskeradane og utforminga av dei heldt på element frå populærkulturen, var overlinga til karnevalet på 1800-talet ofte ein konsekvens av ei sjølvbevist folkeminnerørsle som følgde framvoksteren av nasjonalt medvit i mange europeiske land.[31] I våre dagar er maskene under karnevalet iNederland ofte erstatta av ansiktmåling.[32]
INoreg kjenner ein ingen former for masketeater eller maskerituale i eldre historisk tid.Helleristingar viser at kostyme med dyrehorn eller hovud kan ha vore i bruk ibronsealderen eller tidlegare. Om dette var i religiøse ritual, symbolske framføringar eller karnevalsfeiringar er uvisst.
Derimot finst ein lang tradisjon for masker brukt som del av julefeiringa. Å gåjulebukk, iført sauefell og bukkemaske, har vore utbreidd sidan det 1700-talet og sannsynlegvis også mykje tidlegare. Skikken er kjend i Skandinavia og tilsvarande tradisjonar er blitt omtalte både påFærøyane, iRussland, Austerrike/Ungarn ogBulgaria.
Maske fråbeti-pahuinfolket iGabon, nytta for negilseremonien, eit inkvisitorisk søk etter trollmenn.Masker iKamerun.
I afrikansk tradisjon finst eit breitt mangfald av masker. IVest-Afrika er masker nytta i maskerader som utgjer ein del av religiøse seremoniar som spelar seg ut for å kommunisera med ånder og avlidne forfedrar. Døme er maskeradar hjåjorubafolk,igbofolk ogedofolk iNigeria, inkludert egungun-maskeradane og maskeradane i nordlege Edo.[33] Maskene er vanlegvis utskorne i tre med omhu og med stort mangfald mellom dei ulike handverkarane som vanlegvis har fått opplæring frå ein meister. Ofte er handverket gått i tradisjon ned gjennom generasjonane innanfor ein familie. Desse handverkarane har ein respektert posisjon i stammesamfunna sine, ikkje berre for det komplekse arbeidet dei gjer, men òg for den andelege og symbolske kunnskapen dei rår over.[34]
Djolé er ein maskedans hjåtemnefolket iSierra Leone.[35] Han blir framført tradisjonelt med ei stortromme kalla forsikko. Maskene framstiller kvinnelege vesen, men blir borne av dei mannlege deltakarane.
Mange afrikanske masker representerer dyr. Ein del afrikanske stammar meiner at dyrmaskene kan hjelpa dei til å kommunisera med ånder som bur i skogane eller på dei opne savannane. Folk iBurkina Faso påkallar åndene for å stoppa øydeleggingar.Dogonfolk iMali har ein kompleks religion som òg nyttar dyremasker. Dei tre hovudkultane deira nyttar 78 ulike masker. Dei fleste av seremoniane til dogonfolket er hemmelege, men antilopedansen blir vist til andre folk. Antilopemaskene er bortimot rektangulære boksar med fleire horn stikkande ut frå toppen. Dogonane er dugelege jordbrukarar, ogantilopa symboliserer ein hardarbeidande bonde.[36][37]
BaKongofolk-masker frå regionen Bas-Congo.
Ein annan kultur med ein rik jordbrukstradisjon erbamanafolket iMali. Antilopa, som blir kallachiwara, er forstått som ein mytisk kulturhelt som har lært mennesket løyndomane til jordbruket. Sjølv om både dogonane og bamarnaene reknar antilopa som eit symbol påjordbruk, tolkar dei elementa i maskene ulikt. For bamanafolket representerersverdet kornet som skyt opp av jordsmonnet.[38][39]
Masker kan òg indikera idealet til ein kultur for kvinneleg venleik. Maskene til punufolket iGabon har særs bua øyenbryn, bortimot mandelformede auge og smale kinn. Ei hevd stripe går frå begge sider av nasen til øyrane og representerer smykke. Mørk hårstil toppar maskene. Det kvite i ansiktet representerer hvithet og venleik i åndeverden. Berre menn ber maskene og framfører dansane med høge styltar til trass for at maskene representerer kvinnelege vesen.[40][41] Eit av dei meste vene representasjonane av kvinneleg venleik er dronning Idias maske iNigeria. For å æra sin mor bar kongen maska på sin hofte ved særskilde seremoniar.[42].
Senoufofolk iElfenbenskysten representerer ro og stille ved å gjera masker med auga halvvegs lukka og linjer trekte nær munnen. Temnefolk iSierra Leone har masker med små auge og munnar som representerer audmjuke. Dei står òg for visdom gjennom utbulande panner. Andre masker som har overdrive lange ansikt og breie panner symboliserer plikta til den enkelte som kjem med makt. Krigsmasker er òg populære. Grebofolk i Elfenbenskysten og Liberia skjer ut masker med runde auge som representerer vakenheit og raseri og med rette nasar som viser at dei ikkje vil trekka seg tilbake.[43]
Asaroleirmann som held ei maske påPapua Ny-Guinea.Duk-duk-dansarar på Papua Ny-Guinea.
I øygruppaMelanesia iStillehavet finst det òg eit mangfald i masker. Den tradisjonelle kulturen er dominert avforfedredyrking og religiøse seremoniar er vigde forfedrane. Mange av maskene er knytte til bruk i desse seremoniane og til aktivitetane til hemmelege samfunn. Maska er verdsett som eit verkemiddel for openberringar, gjeve forma til det heilage.
Som ein kultur på spreidde øyar og halvøyar har maskene som tilhøyrer han utvikla seg i eit stort mangfald, både i konstruksjon og iestetikk.[44] PåPapua Ny-Guinea er seks meter høgetotemmasker plasserte for å verna dei levande frå åndeverda. Maskene til dei hemmelege samfunnaduk-duk ogtubuan er nytta for handheva sosiale kodar av intimidasjon. Dei er koniske masker laga av sukkerrøyr og blad.[45]
Ei seremoniell maske gjort av tre hjå cherokeefolket.Kwakwaka'wakw, Baleen, ei kvalmaske frå 1800-talet, Brooklyn Museum.Kwakwaka'wakw, rituell maske (måla tre, fiber og tau).
Deiarktiske folkegruppene ved kysten har tendert mot enkel religiøs praksis, men ein særs utvikla og rik mytologi, særleg i høve til jakt. I ein del område med årlegesjamanistiske seremoniar blir denne dansen utført med masker. Desse er særs abstrakte og utan tvil dei meste påfallande gjenstandane som blei laga i denne regionen.
Inuittgrupper er svært ulike og mange deler ikkje ein fellesmytologi eller språk. Likeeins er deres masketradisjonar tilsvarande ulike og mangeartet, men dei vert ofte likeeins framstilt, som regel av drivved, dyreskinn, bein og fjør.[46] Dei er ofte måla i kraftfulle fargar.
Innfødde folkegrupper ved den nordvestlige kysten av Stillehavet er generelt særs dugelege treskjærere. Deres maskar var ofte meistertjukker i utskjæring, tidvis med bevegelege kjevar eller maske innanfor ei maske, og delar vart rørt ved hjelp av å trekkja i snorer. Å skjera ut masker var ein viktig eigenskap i treskjæringen og som med andre håndverksmessige trekk ofte vart kombinert med det symbolske, somskjold,kanonar, pålar og hus.
Innfødde stammar i skogane, særleg i nordaustlege Nord-Amerika og veddei store sjøane utveksla kultur frå kvarandre. Irokesarar framstilte iaugefallande «falske ansiktmasker» av tre som blei nytta i lækjingseremonier og skorne ut frå levande tre. Desse maskene finst i eit stort mangfald av former, avhengig av den nøyaktige funksjonen deira.[47][48]
Handverkarar fråpueblofolket i sørvestlege Nord-Amerika framstilte framifrå masker til religiøse ritual, særleg hjå hopifolket og zanifolket.Kachinaer, gudar/ånder, tok jamleg form som særs særskilde og detaljerte masker som blei nytta i rituelle dansar. Desse var vanlegvis laga av lêr med vedheng av skinn, fjør eller blad. Ein del masker dekte ansiktet og ein del heile hovudet. Dei hadde ofte særs abstrakte former.Navajofolka sine masker verker vera inspirerte av prototypar frå puebloane.[49][50]
I nyare tid har masker blitt eit vanleg trekk vedmardi gras-tradisjonane, hovudsakleg iNew Orleans i sørvestlege USA. Kostyme og masker, opphavleg inspirert av maskeradeball, er jamleg nytta av deltakarane i feiringa og opptoga. Amerikanske lovar som legg ned forbod mot å skjula ansiktet er sette ut av verknad for mardi gras-dagen (feitetysdag).
Turkismaske framstilt av mixtekarar/aztekarar, 1400-1521.Mixtekisk gravmaske
Særeigne maskestilar byrja å oppstå i detførkolumbiske Amerika i tida rundt 1200 f.Kr., sjølv om det finst teikn på langt eldre maskeformer. IAndesfjella blei masker nytta for å dekke dei daude. Disse blei opphavleg laga til av tekstil, men seinare gravmasker vart tidvis laga av hamra kopar ellergull, tidvis forma i leire.
Foraztekarane var menneskehovud høgt verdsette som krigstrofé, og masker på hovudskallar var ikkje uvanleg. Masker blei også nytta som ein del av hoffunderhaldninga, kanskje i kombinasjon av politisk og religiøs tyding. Aztekarane var prega av detantropologenClaude Lévi-Strauss omtalte som ein «maskekultur». Mange masker blei laga for framsyning, ikkje for å bli brukte, og hadde ofte ikkje hol for augo.
I kolonitida og det post-kolonialeLatin-Amerika blei førkolumbiske tradisjonar blanda medkristne ritual, ogsynkretiske maskeradar og seremoniar somallesjelersdag/dei daudes dag utvikla seg. Masker blei verande eit viktig trekk ved folkelege karneval og religiøse dansar, som i dansen maurarane og dei kristne (moros y cristianos). Særleg iMexico var den store kreativiteten i framstillinga av masker noko som blei oppmuntra av samlarar. Ibrytekampar er det vanleg for deltakarane å ha masker og opptre med fantasifulle tilnamn. Mange av desse brytarane er blitt folkelege heltar, og den populære brytarenEl Santo heldt fram å bera maske sjølv etter at han trekte seg tilbake. Han viste berre ansiktet sitt kortvarig som gammal mann, og blei gravlagd med sølvmaska si på.[51][52]
Maskefigurar, vanlegvis av guddomar, er eit sentralt trekk ved dramatiske former iIndia. Mange byggjer på soger fråeposaMahabharata ogRamayana. Land som har hatt mykje påverknad frå indisk kultur, somKambodsja,Myanmar (Burma),Indonesia,Thailand ogLaos, har utvikla indiske former, kombinert med lokale tradisjonar, og utvikla særeigne vesentrekk.
Maskene er vanlegvis særs overdrivne og formaliserte, og deler einestetikk med utskorne bilete av monsterhovud som dominerer fasadane påhindu- ogbuddhistiske tempel. Desse ansikta, ellerkirtimukha, «æresansikt», har til føremål å vakta mot det vonde og er knytte til dyreverda og det guddommelege. Under seremoniane er desse ansikta gjevne aktiv form i form av storstilte maskedrama i Sør- og Søraus-Asia.[53]
IIndonesia er maskedansen eldre enn innverknaden frå hindusimen og buddhismen.Topeng (indonesisk for «maske») er ei dramatisk form for indonesisk dans der ein eller fleire ber maske, dekorert kostyme og tolkar tradisjonelle forteljingar om fabelkongar, heltar og mytar, knytt tilgamelanmusikk. Bruken av masker kan vera knytt til forfedredyrking der dansarane tolkar gudane. Stammar somdayakfolk dansar hudokdansen som kan representera naturånder. På Java og Bali er maskedans generelt kalla for topeng og viser hinduinnverknad då dei ofte tek for seg epos somMahabharata ogRamayana. Den innfødde og stadeigne forteljinga om den legendariske prinsenPanji er òg populær i maskedansen. Indonesiske stilar innanfor topengdans er breitt spreidde i ulike regionar.[54][55]
Maske frå beijingoperaen.
IKina har bruken av masker hatt ei viktig rolle i tusenvis av år. Ein går ut frå at masker har opphav i religiøse seremoniar frå oldtida. Dei første kinesiske maskene blei laga for minst 3 500 år sidan. Bilde av menneske med masker er blitt funne i hòlemåleri langsChang Jiang -elva. Seinare maskeformer ber med seg mytar og symbol fråsjamanisme og buddhismen.[53] Avhengig av funksjon er kinesiske masker delt i fleire ulike kategoriar, som maske til trollmenn, maskene til sjamanar og teatermasker. Masker har fungert i mange ritual, som dansemasker (shigong) for takkseiingar til guddommar som hindra pest og sjukdom, og masker i nuodrama verna mot vonde ånder. Masker har òg ei lang historie i festlege opptog og i dans og opera som utvikla seg med fargerike ansiktsmønster som framleis blir nytta ibeijingoperaen (jingju). Den dag i dag har masker ein plass i religiøse seremoniar og hendingar som bryllaup, der masker blir brukte i bøner for god lukke, og i gravferder.[56] Såkalla svelgjande dyremasker var knytte til vern av heimen og symboliserte ulukker som blei «svelde».
Masker iKorea har ein lang tradisjon knytt til mangfaldige samanhengar. Dei oppstod truleg i samband med sjamanisme og heldt vidare fram i rituelle dansar. Koreanske masker blei nytta i krig, både for soldatane og hestane deira. Seremonielt i gravrituale blei det nytta masker avjade og bronse. I sjamanistiske seremoniar blei masker nytta for å fordriva vonde ånder. Dødsmasker blei nytta for å hugsa ansikta til store historiske skikkelsar. Ved hoffet og i teateret hadde masker òg stor verdi. I dag blir det laga miniatyrmasker somsuvenirar og for å hengjast påmobiltelefonar somtalismanar for å bringa lukke.[57][58]
Som i Kina og Korea er masker iJapan ein del av ein særs lang og særs sofistikert teatralsk tradisjon. Sjølv om røtene ligg i forhistoriske myter og kultar, har bruken av masker utvikla seg til raffinerte kunstformer. Allereie i den japansske steinalderen,Jōmonperioden frå rundt 10 000 til 300 f.Kr., viste japanske folk interesse for masker. Då buddhismen blei innført til Japan på 500-talet kom det også mange nye religiøse og sekulære aktivitetar med bruk av masker. Desse blanda seg med dei stadeigne rituala ishintoismen og andre folkelege tradisjonar. Dei eldste rituelle maskene ergigaku, og eksisterer ikkje lenger. Dei var truleg ei form for dansemasker.Bugaku utvikla seg frå desse til eit komplekst dansedrama som nytta masker med rørlege kjevar.[59]
Den klassiske japanske teaterformanō utvikla bruk av masker frågigaku ogbugaku. Maskene blei nytta gjennom særs langvarige framføringer og var av den grunnen særs tynne og lette. Nō-maskene representerte guddomar, menneske, kvinner, galne folk og djevlar, og kvar kategori hadde mange underkategoriar.Kyōgen («galne ord») er korte farsar med eigne masker, og høyrer saman med dei tragiske nō-dramaa.Kabuki er eiteaterform i dagens Japan som har røter i eldre former og oppstod på byrjinga av 1600-talet. I denne forma er maskene erstatta av måla ansikt, den såkalte kumadori-sminkinga med kraftfulle linjer i raudt, blått eller svart.[60]
Pan frå Hippos, avdekt i nordlege Israel.Gullmasker avdekte i Kalmakareh i deniranske provinsenLuristan. 500-talet f.Kr., i dag ved nasjonalmuseet i Iran.
Masker i Midtausten har tradisjonar tilbake til byrjinga av menneskeleg sivilisasjon. Eit dusin masker laga avkalkstein for rundt 9 000 år sidan er blitt avdekte iJudeaørkenen, austomJerusalem iIsrael.[61] Desse er nokre av dei aller eldste maskene som er funne nokon stad. Ein går ut frå at dei blei brukte i religiøse og sosiale seremoniar, kanskje òg at dei representerte åndene til forfedrane ved at dei har ein likskap med daude menneske.[62][63]
I Nord-Israel er det blitt avdekt ei 2000 år gammal bronsemaske som representerer denantikke greske gudenPan, knytt til musikk og ekstatisk seksualitet. Maska er uvanleg stor samanlikna med andre bronsemasker fråhellenistisk og romerske periodar. Figuren har lange, spisse øyre, horn og andre vesentrekk knytte til guddomen som er halvt menneske, halvt dyr. Maska var truleg ein del av eit altar eller del av ei fontene.[64]
Teatralske framføringar i Midtausten, som andre stader, hadde opphav i rituale og dramatiserte mennesket sitt høvetil naturen, til gudane og andre menneskelege vesen. Folkeleg teater med pantomime, masker, dukker, farser ogsjonglering hadde ein rituell samanheng ved at dei blei framførte i samband med religiøse festivalar eller ved overgangrituale som namnedagar, omskjeringar og bryllaup.
Romersk mosaikk frå 100-talet som framstiller teatermasker for komedie og tragedie.
Masker har spelt ei nøkkelrolle innan teatertradisjonane verda over, særleg utanforVesten. Dei held fram å vera ei levande kraft innanfor moderne teater.
I mange kulturelle tradisjonar er skodespelaren med maske eit sentralt konsept og er høgt verdsett. I den vestlege tradisjonen bar skodespelarar i det greske teateret til antikken masker, slik som dei òg gjorde i tradisjonelle japanskenōdrama. Ein del greske masker hadde open og vid munn med ein megafon av messing slik at stemmene til skodespelaren kunne prosjekterast over eit stort publikum. I store utendørsteater,amfiteater, somDionysosteateret like vedAkropolis iAthen, kunne masker visa ansikta til figurane til eit langt større publikum, særleg sidan dei hadde svært overdrivne ansiktstrekk og uttrykk.[65] Dei greske maskemakaranei antikken blei kalla forskeuopoios, «framstillarar av eigedelar», noko som viser til at dei rolle hadde eit mangfald av plikter og oppgåver. Maskene dekte heile ansiktet og hovudet, med hol for auga og opning for munnen, i tillegg til integrert parykk og skjegg. Maskene var truleg laga av organisk materiale som hadde lita vekt, som tøy, lêr, tre eller kork. Kvinner opptredde ikkje som skodespelarar i antikken, og kvinnelege figurar blei representerte av mannlege skodespelarar med masker. Ein dugeleg skodespelar kunne spela fleire roller side om side ved å ta på seg ulike masker. Dei dualistiske maskene for komedie og tragedie, som er blitt universale teatersymbol, er avleidde frå dei greske dramaa i antikken. Dei reflekterer dei ekstreme ytterpunkta frå teaterscena, og gjennom den stiliserte forenklinga si av kjensler, òg ytterpunkta i den menneskelege tilstanden.[66]
Tre bilde av den same kvinnelege nōmaska frå Japan som viser korleis ansiktstrekka blir endra ved å venda på hovudet.
I mellomalderen sin Europa vart masker nytta i mysterie- og mirakelspel for å framstilla allegoriske figurar og vesen som djevlar, demonar ellerdei sju dødssyndene. Skodespelaren som framstelte Gud bar ofte ei forgylt maske. Maskene var ofte lagaav pappmaché og framheva vondskapen og synder med overdriven groteskheit.
I løpet avrenessansen utvikla maskeradar ogballet de cour (hoffballett) seg som maskert hoffunderhaldning for adelen. Masker heldt fram å vera ein del av ballettkonvensjonane fram til slutten av 1700-talet. Figurar med masker i den italienske teaterformacommedia dell'arte, prega av faste rollefigurar og komisk handling, inkluderte forgjengaren til den moderneklovnen. Maskene framstilte faste figurar og var så nært knytte til figurane at dei sjølv blei kalla for «masker».[66]
Fleire av skodespela tilWilliam Shakespeare nytta masker. KomedienStor ståhei for ingenting, oppført i1598, hadde karnevalmasker i venetiansk stil i maskeballet som er ein del av stykket. Heile stykket kan karakteriserast som måtar ein maskerer identitet på og skjuler sine sanne kjensler.[66]
I samtidsteater i Vesten er masker ofte nytta saman med dokketeater for å gje ei teater som er meir visuell enn verbal. Særleg i barneteater er overdrivne masker og kostyme ein del av underhaldninga. Masker kan enno opptre i samtidsdrama.Musikalar somAndrew Lloyd WebbersCats, første gong framført i 1981, ogLøvenes konge avElton John ogTim Rice frå 1997, hadde begge masker og omfattande ansiktsminke.The Phantom of the Opera (1986) av Lloyd Webbar var basert på at hovudpersonen sjølv skjulte det skamferte ansiktet sitt bak ei kvit maske, noko som gav han ein dramatisk patos. Ved å ta av seg maska avsløra han ikkje berre det skamferte ansiktet sitt, men òg dei sanne kjenslene og veikskapen sin.[66]
Ein del moderne rockemusikarar somAlice Cooper ogPeter Gabriel har nytta storslegne sceneshow som inkluderte masker og kostyme. I endå større grad hartungrocken, særlegsvartmetall og liknande underkategoriar, nytta hovudsakleg groteske masker. Den finske hardrockgruppenLordi blei kjend for dei monsterliknande kostyma og maskene sine då dei vannEurovision Song Contest 2006.
Masker har òg ein praktisk og funksjonell funksjon i den moderne verda, vanlegvis som vern eller av medisinske årsaker. Flypiloter og brannmenn nyttar blant annaoksygenmaske som vern mot oksygenmangel og/eller forgiftning. Masker har ei lang historie som vern, til dømes som rustning i krig og medisinske masker som vern mot smitte. Kva som er kva er ikkje alltid like openberra. Rituelle masker og teatermasker kan i seg sjølv vurderast som praktiske, og maskar som vernar i ein sportsleg samanheng, er ofte designa for å framheva framtoningen til utøvaren.
Masker som vern mot smitte eller ureining har lange tradisjonar. Undersvartedauden var det eigne pestlegar som bar ei nebblignende maske som var fylt med luktande og aromatiske urter ettersom ein feilaktig trudde at dårleg lukt spreidde sjukdom. I moderne tid i byar med stor luftforureining har lokalfolkesetnaden verna seg med ansiktmasker for å filtrera lufta. Ved fare for ulike former for gass har eksempelvis politiet eigne gassmasker for å filtrera lufta.
I romerskegladiatorkampar brukte utøvarane masker, ogarkeologiske undersøkingar har vist at desse ikkje berre var vernande, men òg utforma for at utøvaren skulle sjå meir skremmande ut.
Masker kan tidvis nyttast for å skjula kven ein er. Som forkleding fungerer masker som eit vern mot å kjennast att og identifiserast.
Tjuvar, ransmenn og andre kriminelle ber ofte masker som eit middel til å skjula ansiktet sitt slik at dei ikkje kan identifiserast av vitne eller politi.
Politiske protestantar, særleg i ulovlege demonstrasjonar, ber ofte maske, til dømes i form av eit tørkle framfor ansiktet eller ei skimaske, for å ikkje kjennast att.
Ei «Guy Fawkes-maske» er ei stilisert avbildning av Guy Fawkes, det beste kjende medlemmet avkruttsamansverjinga i1605. I 2008 blei denne maska assosiert med hackergruppaAnonymous.[67]
Masker kan å òg nyttast i kombinasjon av ikkje å kjennast att og for å skapa ei gruppekjensle, samstundes som ein ynskjer å fremja ein skremmande framtoning. Eit døme er denrasistiske gruppaKu Klux Klan i dei amerikanskeSørstatane.
Masker har tidvis blitt nytta som straff for den som berar dei, anten ved å signalisera audmjuking eller for å påføra direkte fysisk liding.
«Hespetrebeksle» eller «skammaske» (engelskscold's bridle;tyskschandmaske) var eit verkemiddel for å straffa særleg kvinner med ei form fortortur og offentleg audmjuking iseinmellomalderen. Med stikkande spikar på innsida sikra ein direkte liding når offeret rørte seg Ei redusert utgåve var å plassera ein ulydig eller mislikt skuleelev i skammekroken med ei maske eller hatt med eseløyre.[68]
↑Eit kjend døme er bilde iTrois-Frères-grotta (rundt 15 000 år gamle). Ifølgje John W. Nunley, «The earliest evidence of masking comes from the Mousterian site of Hortus in the south of France. There the archaeologist Henry de Lumley found remnants of a leopard skin that was probably worn as a costume more than 40,000 years ago.» Sjå Nunley, J.W. (1999):Masks: Faces of Culture. New York: Harry N. Abrams Inc., s. 22. Eit av dei eldste kjende holemåleria av eit menneskeleg ansikt, 27 000 år gammalt, blei oppdaga i 2006 i Vilhonneur-grotten i nærleiken av Angoulême i Frankrike. Sjå Sage, Adam (5. juni 2006): «Cave face 'the oldest portrait on record'», London:The Times (betalingsmur)
↑6,06,1Caprona, Yann de (2013):Norsk etymologisk ordbok, Oslo: Kagge forlag, s. 493
↑Caprona, Yann de (2013):Norsk etymologisk ordbok, Oslo: Kagge forlag, s. 516
↑Pernet, Henry (1992):Ritual Masks: Deceptions and revelations. Columbia: University of South Carolina Press.
↑Dall, William Healey (1884): «On masks, labrets, and certain aboriginal customs, with an inquiry into the bearing of their geographical distribution» i:Bureau of American Ethnology, Annual Report,3, s. 73–151. Washington D.C.: U.S. Government Printing Office. Opptrykk 2010
↑Klemm, Harald & Winkler, Reinhard (1996):Masken. Gesichter hinter dem Gesicht: Persönlichkeitsentfaltung und Therapie in der Arbeit mit Masken. Oberhofen: Zytglogge-Verlag.
↑Nunley, John W. et al. (1999):Masks: Faces of Culture. New York; Abrams, Harry N.; Weihe, Richard (2004):Die Paradoxie der Maske. Geschichte einer Form. München: Wilhelm Fink Verlag.
↑Danielou, Alain (1992):Gods of Love and Ecstasy. The traditions of Shiva and Dionysus. Rochester, Vermont: Inner Traditions International, s. 33.
↑Guénon, René (2004):Symbols of sacred science. Hillsdale, New York: Sophia Perennis, s. 141.
↑Forbes, Jamie Ellin (våren 2010): «The resurrection of the beauty of Spring: Jeanette Korab at Carnevale de Venezia» i:Fine Art Magazine, s. 21.
↑«...in many parts of the world and throughout Jewish history it was the time for adults to engage in masquerade.» –Danan, Julie Hilton (21. mars 1997): «Purim wears many masks» i:Jewish News of Greater Phoenix,49 (27); se også Levertov, Yossi (18. mars 2011):«Masked miracles»[daud lenkje],Jewishaz
↑Pannier, François & Mangin, Stéphane (1989):Masques de l'Himalaya, du primitif au classique. Paris: Editions Raymond Chabaud, s. 44. Bradley, Lisa & Chazot, Eric (1990):Masks of the Himalayas. New York: Pace Primitive Gallery. Blanc, Dominique et al. (2009):Masks of the Himalayas. Milano: 5 Continents Editions.
↑Fienup-Riordan, Ann (1996):The Living Tradition of Yup'ik Masks: Agayuliyararput (Our Way of Making Prayer). University of Washington Press
↑Lubin, David M. (2008): «Masks, mutilation and modernity: Anne Coleman Ladd and the first world war» i:Archives of American Art Journal,47 (3-4), s. 4-15
↑Lommel, Andreas (1970):Masks: Their Meaning and Function, London: Ferndale Editions. KapittelOceania: Melanesia, Polynesia, Australia
↑Rainier, Chris; Taylor, Meg (1996):Where the Masks Still Dance: New Guinea; Bulfinch Press/Little, Brown & Co.,ISBN 0-8212-2261-9
↑Kleivan, Inge; B. Sonne (1985):Eskimos: Greenland and Canada. Iconography of religions, section VIII, «Arctic Peoples», fascicle 2. Leiden, The Netherlands: Institute of Religious Iconography • State University Groningen. E.J. Brill.ISBN 90-04-07160-1; s. 26