Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Marmolada

Koordinatar:46°26′N11°51′E / 46.43°N 11.85°E /46.43; 11.85
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marmolada
fjell
Marmolada i juli 2004
Land Italia
FjelltypeGranitt
FjellkjedeDolomittane
Høgd3 343 moh.
Primærfaktor2 113 m
Førstestiging28. september1864
Koordinatar46°26′N11°51′E / 46.43°N 11.85°E /46.43; 11.85
Kart
Marmolada
46°25′28″N11°51′00″E / 46.424444444444°N 11.85°E /46.424444444444; 11.85
Wikimedia Commons: Marmolada

Marmolada (ladinskMarmoleda,tyskMarmolata) er det høgaste fjellet iDolomittane nordaust iItalia med ei høgd på 3 343 meter over havet. Fjellet består av ein rygg som går frå vest til aust. Mot sør består fjellet av ein fleire kilometer lang stupbratt vegg. På nordsida finn ein relativt flateisbrear, mellom anna den einaste store breen i Dolomittane,Marmoladabreen (Ghiacciaio della Marmolada).

Ryggen består av fleire toppar med dei høgaste i vest: Punta Penia (3 343 m), Punta Rocca (3 309 m), Punta Ombretta (3 230 m), Monte Serauta (3 069 m) og Pizzo Serauta (3 035 m). Det går eintaubane til toppen av Punta Penia.

Paul Grohmann var den første til å nå toppen av fjellet. Det skjedde i1864 langs nordruta.

Førden første verdskrigen gjekk grensa mellomAusterrike og Italia langs Marmolada, slik at fjellet danna ein del avfrontlinja. Austerrikske soldatar var innkvartert i djupe tunnelar inn i breen på nordsida og italienske soldatar ved stupet på sørsida. Sidan isbreane trekkjer seg tilbake vert det stundom funne restar og ting etter soldatane.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Marmolada
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Marmolada&oldid=3194295»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp