Han varstatsminister i Nederland frå 2010 til 2024, og var såleis den lengst sitjande statsministeren i nederlandsk historie.[3] Hans fjerde regjering vart sett inn den 10. januar 2022, knapt ti måneder etter parlamentsvalet i Nederland 2021.[4] Dette regjeringssamarbeidet braut saman i juli 2023. Rutte meddelte kort tid etter dette at han ville trekkja seg frå politisk arbeid, men måtte inntil vidare halda fram som statsminister i eitforretningsministerium.[5] Han var leiar i det liberalistiske høgrepartietVolkspartij voor Vrijheid en Democratie (VVD) frå 29. mai 2006 til 2023.
Mark Rutte kjem frå einkristen familie i Haag. Han er ugift og høyrer til den protestantiske kyrkja i Nederland. Rutte vargymnasiast og spesialiserte seg på kunstfag 1979–1985. Skjønt hans opphavlege ambisjon var å studera ved eit musikkonservatorium og verta konsertpianist, byrja han å studera historie vedUniversitetet i Leiden, der han tokmastergrad i 1992.
Ved sida av studiane var han styremedlem i ungdomsorganisasjonen til VVD,Jongeren Organisatie Vrijheid en Democratie (JOVD), der han var leiar frå 1988 til 1991.
Etter studiane gjekk han inn i næringslivet som direktør iUnilever ogCalvé. Fram til 1997 var han tilsett i personalavdelinga i Unilever og spelte ei sentral rolle i fleire omorganiseringar. Rutte var personalsjef i dotterselskapet Van den Bergh Nederland 1997–2000. I 2002 vart han personalsjef i IgloMora Groep, eit anna av Unilever sine dotterselskap.
Rutte entra politikken då han i ein toårsperiode, 2002–2004, var statssekretær for sosial- og arbeidsspørsmål. Deretter var han statssekretær for utdanning, kultur og forskning 2004–2006, til dess han sommaren 2006 vart vald til formann i VVD. Han var partiet sin toppkandidat ved parlamentsvalet i 2006, der VVD vart det fjerde største med sine 22 mandat. Sidan dei tre største partia skipa regjering, vart Rutte opposisjonsleiar iparlamentet.
Rutte ved ein valbod i Amsterdam, februar 2010.
Foto: Jos van Zetten
Ifylge meiningsmålingar i mai 2010 var VVD under Rutte det sterkaste partiet, med 36 (av 150) sete iunderhuset, større enn sosialdemokratane. Veksten til de liberale vart fyrst og fremst grunna med kristen-demokratane sitt fall (dei fekk berre 21 sete i spørjeundersøkinga).[6]
Gjennom parlamentsvalet i juni 2010 vart VVD det største partiet med sine 31 representantar i ei nasjonalforsamling med 150 folkevalde. Etter langvarige forhandlingar vart Rutte statsminister 14. oktober, og leiar av den fyrste mindretalsregjeringa i Nederland etterandre verdskrigen. Regjeringskoalisjonen bestod av VVD og kristlegdemokratane i CDA, med parlamentarisk stønad frå det høgreorienterte Fridomspartiet. Strid om nedskjeringar i den nederlandske økonomien førte til at Fridomspartiet drog tilbake den parlamentarisk støtta til regjeringa i april 2012. Rutte søkte då avskjed, og det vart nytt parlamentsval i september 2012. VVD fekk 41 mandat i valet og heldt fram med å ha den største partigruppa i nasjonalforsamlinga. Rutte kunne halde fram som statsminister, frå 5. november 2012 som sjef for ei fleirtalsregjering der VVD styrte i samarbeid med Arbeidarpartiet (PvDA).
Ved parlamentsvalet mars 2017 fekk VVD åtte færre mandat, men var framleis partiet med størst oppslutning frå veljarane.
Rutte var statsminister frå 14. oktober 2010, med stadig skiftande parlamentarisk grunnlag, i regjeringar med arbeidarpartietPartij van de Arbeid og sentrumspartiaChristen-Democratisch Appèl ogDemocraten 66. Frå 2010 til 2012 søkte Rutte-regjeringa støtte i parlamentet frå høgrepopulistiskePartij voor de Vrijheid, utan at desse fekk ministerpostar. I 2014 måtte Rutte si regjering handtera etterspelet avMalaysia Airlines Flight 17, der nærmare 200 nederlandske statsborgarar omkom etter at eit passasjerfly vart skote ned avluftvernmissilar overDonbass. Nederland kravde overfor Russland at ein internasjonal domstol måtte opprettast for å døma dei ansvarlege for ulykka.[7]
Mark Rutte gjekk av som statsminister den 15. januar 2021 etter at det vart kjent at tusenvis av nederlendarar urettmessig hadde vorte straffa for trygdemisbruk, ikkje ulikt den norske trygdeskandalen iNAV.[8] Rutte leia frå det tidspunktet eitforretningsministerium som skulle fungera fram til valet den 17. mars 2021. Etter valet i 2021 vart det eit svært uklart parlamentarisk grunnlag for ny regjering. Ei regjering som var Rutte si fjerde i rekkja, vart sett inn den 10. januar 2022.[9][10][4] Dette regjeringssamarbeidet sprakk etter diskusjonar om migrasjon, i juli 2023, og det vart utlyst nyval.[11] Rutte meddelte deretter den 10. juli 2023 at han ville gå ut av politikken etter det nye valet.[12]
I mai 2009 meinte Rutte atHolocaustfornekting ikkje lenger burde vera straffbart, nettopp for å støtta opp underytringsfridomen. Han hadde lenge meint at forbodet hadde vore «litt pussig». Han vart klandra for dette fråsegnet, både innanfor og utanfor partiet.[13]