Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Mariar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mariar

Mariar er eifinsk-ugrisk folkegruppe som tradisjonelt har butt langs elvaneVolga ogKama iRussland. Flesteparten av dagens mariar bur i republikkenMari El, og ein del bur også iTatarstan ogBasjkortostan.

Ein kan dela mariane i tre grupper: engmariar, som bur langs austbreidda avVolga, fjellmariar langs vestbreidda og austmariar iBasjkortostan. Ved folketeljinga i 2010 var det 548 000 menneske som definerte seg sjølve som mariske. 57 % av desse var busett på landsbygda.[1]

Mariane snakkarmariske språk, som kan delast inn iaustmari ogvestmari; eit skilje som skriv seg frå tidleg sovjetisk språkpolitikk. 388 000 menneske stadfesta i 2010 at dei snakkar mari.[1] I tillegg snakkar marianerussisk, og om lag 42 000 snakkartatarisk som tredjespråk. Tradisjonelt har folkegruppa hatt sin eigen tradisjonelle religion som framleis blir praktisert i dag i større eller mindre grad. I dag er dei fleste formeltrussisk-ortodokse, men ein minoritet ermuslimar.

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1«Vserossijskaja perepis naselenija 2010»Arkivert 2013-03-15 vedWayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Mariar&oldid=3420698»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp