Ekteskapet med Ludvig var politisk motivert, som ein del av ein avtale medSpania. Samlivet vart difor ulykkeleg, då kongen var mest oppteki av elskarinnene sine. Blant desse elskarinnene varMadame de Maintenon ogMadame de Montespan. Maria Theresia fekk stort sett vere i fred med interessene sine, så lenge ho ikkje klaga på kongen sin utanomekteskaplege eventyr.
Då ho døydde i1683 iVersailles var det mange som mistenkte at ho ikkje døydde naturleg. Det finst likevel ingen bevis for dette.
Av Maria Theresia sine seks born var det berre eitt som levde til vaksen alder. SonenLudvig, le Grand Dauphin, som han vart kalla, døydde likevel i 1711, før han fekk teke over den franske trona.