Den første utgåva av det som då var Mandrake, kom ut i juli1998, og var basert påRed Hat Linux versjon 5.1. Mandrake skilde seg etter kvart meir og meir frå Red Hat distribusjonen med eigne verktøy for å lette systemadministrasjonen.
I 2004 tapte utviklarane av Mandrake Linux, Mandrakesoft, eit søksmål som vart retta mot dei av Hearst Corporation, eigarane avKing Features Syndicate som saksøkte dei for brot mot denvaremerkebeskytta teikneserienMandrake. Mandrakesoft anka saka, men fjerna mellomrommet i distribusjonsnamnet så MandrakeLinux vart det nye namnet på distribusjonen frå versjon 10.0.
I 2005 slo MandrakeSoft seg saman med det brasilianske føretaketConectiva som og utvikla ein kommersiell linuxdistribusjon. Conectiva Linux og Mandrakelinux vart dermed slått saman til Mandriva Linux.