Mandrillen (Mandrillus sphinx) er einprimat idyreapefamilien.
Han har ein kraftig kropp med blåe til purpurraude seteputer hjå vaksne hannar, med ein noko mattare farga hjå hoer. Pelsen er spragla olivenbrun på oversida og er noko lysare på undersida. Hannane har kraftige fargar i andletet, ein raud og lang nase, blåe kinn med fòrer og gult skjegg. Ungdyr og hoer har liknande men mattare fargar. Kroppslengda er 80 cm, halen er 7 cm lang, vekta 25–50 kg hjå hannar og kring 11 kg hjå hoer.
Mandrillen lever i større flokkar i ope skoglende og etfrukter,frø,sopp,røter,insekt og småe pattedyr. Arten finst iVest-Afrika og iKamerun,Gabon,Kongo ogEkvatorial-Guinea. Han er utrydningstruga.
Mandrillen er den mestkjønnsdimorfe primaten og ein av dei mest kjønnsdimorfe pattedyra. Vaksne hannar er 3,4 gonger so tunge som vaksne hoer.[1]
«mandrill» iStore norske leksikon, snl.no. Henta 20. desember 2017.