Mandespråk er ei gruppe på 40språk som blir tala iVest-Afrika. Dei utgjer ei gren avspråkfamiliennigerkongo-språk. Blant mandespråka finstmandinka,soninke,bambara,dyula,kagoro,bozo,mende,yacouba,vai ogligbi. Mandespråka blir snakka av rundt 20 millionar menneske iGambia,Guinea,Guinea-Bissau,Elfenbeinskysten,Senegal,Ghana,Togo,Benin,Burkina Faso,Mauretania,Niger,Sierra Leone,Nigeria ogMali.[1]
Språkgruppa blei først skildra i 1854 avS.W. Koelle iPolyglotta Africana. Her nemnde han 13 språk. I 1901 innførteMaurice Delafosse eit skilje mellom to grupper iEssai de manuel pratique de la langue mandé ou mandingue. Han skriv om ei nordleg gruppe kallamandé-tan og ei sørleg gruppe,mandé-fu. I 1924 hevda L. Tauxier at dette skiljet ikkje var godt grunngjeve og at det fanst minst ei tredje undergruppe, som han kalllamandé-bu. Denne oppfatninga blei støtta av A. Prost i 1950. I 1958 publiserte William E. Welmers artikkelen «The Mande Languages», der han delte inn mandespråka i tre undergrupper– nordvest, sør og aust, basert på leksikonstatistikk.Joseph Greenberg støtta denne inndelingen i sinThe Languages of Africa (1963). Long (1971) og G. Galtier (1980) støtter også inndelinga i tre grupper men med viktige forskjellar.
I dag deler fleirtalet av språkforskarane mandespråka inn i ei vestleg og ei austleg grein, der den vestlege er større og omfattar 27 språk. Fleire av de vestlege språka har meir enn ein million talarar, mellom annabambara,malinke,maninka,mende,dyula,soninke ogsusu. Dyula er eitlingua franca brukt til handel nord i Elfenbeinskysten og vest i Burkina Faso. Den austlege gruppa omfattar 13 språk der berre eitt, dan, har rundt ein million talarar.[1]