Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.
Maldivane er einøystat iIndiahavet som ligg sør-sørvest forIndia. Ho inneheld 1192 øyar, men det bur folk på berre 200 av dei. Hovudnæringane erturisme ogfiske.
Dei særskildeatollrekka blei skapt avkorallar mellom 65 og 200 millionar år sidan oppå ein utdøyddvulkansk fjellkjede.
Det har budd folk på øyane i minst 2.500 år, kanskje endå lengre. Dei opphavlege busetjarane var trulegdravidiske folk fråSør-India som snart blei følgde avindoeuropearar, truleg fråSri Lanka. Kulturen på øyane fekk mykje påverknad frå Sri Lanka, og var lengebuddhistisk. Det maldiviske språketdhivevi er i slekt medsingalesisk.
Men nye sjøfarande folk kom etter kvart i kontakt med øybuarane, og i1151 konverterte den maldiviske kongen tilislam, noko folket snart gjorde etter. Herskaren tok namnetMuhammad al-Adil og grunnla eit muslimsksultanat som skulle vara fram til1968. Den arabiske påverknaden kan ein sjå pådhiveviskrifta, som bygger påarabisk skrift.
Etter at øygruppa fekksjølvstende i1965 fortsette sultanen å styra i tre år før sultanstyret blei avskaffa den11. november1968. Maldivane blei republikk og fekk det noverande namnet sitt.
Maumoon Abdul Gayoom har hatt makta i landet sidan1978. Han er blitt prøvd avsett i tre mislukka statskupp. Etter det siste tok Gayoom til å innføra nokre demokratiske reformer, til dømes ein ny grunnlov i1998 som gjorde det lovleg for andre å stilla sompresidentkandidat.
Maldivane har 26 naturlegeatollar som er delte inn i 20 «administrative atoll». Kvart av desse er styrt av ein atolleiar,atholhu veriyaa.
Det minste administrative atollen erFua Mulaku. Det dekker berre ei øy, men til gjengjeld er ho den største i Maldivane. Det største atollen i verda såvel som i øygruppa erHuvadhu.
Det høgaste punktet på Maldivane er 2,3moh., noko som gjer det til det flataste landet i verda, og svært utsett for eit eventuelt høgare havnivå. Underleg nok har havnivået tvert imot sokke på øyane i dei siste tiåra.
Flodbølgja andre juledag 2004.(Foto: Sofwathulla Mohamed)
26. desember2004 blei Maldivane trefte av 10 meter høge bølgjer frå eiflodbølgje forårsaka av eitundersjøisk jordskjelv. Nesten heile øygruppa blei overfløymd. Minst 75 menneske blei sakna, inkludert 6 utlendingar. All infrastruktur blei øydelagd på 13 av dei folkesette øyane. Hovudstaden Male blei verna av ein 3,5 m høgmolo utanfor byen som tok det meste av krafta frå bølgja.
Maldivane har eittropisk klima med mykjenedbør og høgetemperaturar året rundt. Øyane nær eller sør for ekvator har nedbøren jamt fordelt gjennom året eller eit lite maksimum i perioden november til mars. Byen Male har ein årleg nedbørsnormal på 1613 mm. Dei nordlege øyane vert av og til råka av kraftigetropiske syklonar iArabiahavet mellom august og november. Desse fører med seg svært kraftig vind og svært mykje nedbør.
Maldivarane er eit nokså likt folkeslag med ei rekke forskjellige røter: Dravidiske, indoeuropeiske, arabiske, australasiatiske og afrikanske. Dei fleste maldivarane høyrer tilsunniislam, berre nokre få indiske innvandrarar høyrer til andre religionar.
Av dei 300000 innbyggjarane på Maldivane bur 80000 i hovudstadenMale.