Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Malatya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malatya
by
Land Tyrkia
RegionAust-Anatolia
Provinsprovinsen Malatya
Høgd954 moh.
Koordinatar38°4′N38°1′E / 38.067°N 38.017°E /38.067; 38.017
Areal1 582 km²
Folketal 401 705
Folketettleik254 / km²
BorgarmeisterAhmet Çakır
TidssoneEET (UTC+2)
 •  SommartidEEST (UTC+3)
Postnummer44xxx
Retningsnummer0422
Bilnummer7201
Kart
Malatya
38°21′02″N38°18′34″E / 38.35062°N 38.3094°E /38.35062; 38.3094
Kart som viser Malatya.
Kart som viser Malatya.
Kart som viser Malatya.
Wikimedia Commons: Malatya
Nettstad: www.malatya.bel.tr

Malatya (armensk ՄալաթիաMalat'ya;gresk Μαλάτεια,Malateia,gammalsyrisk ܡܠܝܛܝܢܐMalīṭīná) er ein by søraust i Tyrkia og administrasjonssenter iprovinsen Malatya. Han ligg ved foten avTaurusfjella. Per 2010 budde det 401 705 menneske i byen.

Staden for byen har vore busett i tusenvis av år.Assyrarane kalla byen forMeliddu[1] og som ei følgje av denromerske ekspansjonen mot aust, vart byen omdøypt til Melitene pålatin. Staden Malatya låg iantikken ligg nokre få kilometer frå den moderne byen i det som i dag er landsbyen Arslantepe og nær det avhengige distriktssenteret Battalgazi. Dagens Battalgazi var staden der byen Malatya låg fram til 1800-talet då ein gradvis forflytting av byen til dagens tredje lokalisering byrja. Det offisielle namnet til Battalgazi var Eskimalatya («Gamle Malatya»); inntil nyleg var det eit namn som berre vart nytta lokalt.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Malatya har eitsteppeklima med varme og tørre somrar, og kalde og snørike vintrar. Den høgaste dokumenterte temperaturen var 42,2 °C den 31. juli 2000. Den lågaste dokumenterte temperaturen var -19,0 °C den 27. desember 2002.

Vêrdata for Malatya
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Høgast målte °C14,218,627,233,7364042,241,538,833,1251842,2
Gjennomsnittleg maks °C3,76,11218,623,929,734,23429,321,512,45,719,3
Gjennomsnittleg min °C−2,6−1,72,47,611,716,320,12015,59,93,6−0,68,5
Lågast målte °C−17−15,3−13,9−4,20,171012,45,7−1,2−12−19−19
Gjennomsnittlegnedbør mm35,635,350,254,745,918,83,32,27,138,842,338,2372,4
Gns.solskinstimar i månaden108,5117,6176,7216294,5348387,5365,8297229,4156102,32 799,3
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]Hong Kong Observatory[3]

Utdanning

[endre |endre wikiteksten]

Universitet İnönü, eit av dei største universiteta i den austlege regionen av Tyrkia, ligg i Malatya. Det vart grunnlagd i 1975 og har tre institutt og ni fakultet på sin campus, og med meir enn 2500 tilsette og 20 000 studentar. Universitetet ligg i den sørlege delen av Malatya. Det er òg 162 vidaregåande skular i Malatya.

Sport

[endre |endre wikiteksten]

Det offisielle laget til Malatya er Malatyaspor i fargane raud og gul. Laget kjempar per 2012 i andre divisjonen. Stadionet til laget er Malatya İnönü Stadium som ligg i sentrum av byen. Det andre laget til byen er Malatya Belediyespor med fargane grøn og oransje og kjempar for tida i tredje divisjonen.

Festivalar

[endre |endre wikiteksten]

Marknaden i Malatya og Aprikosfestivalene har vorte halde sidan 1978 kvart einaste år i juli for å fremje byen ogaprikosar, og for at produsentar skal ha ein møtestad. I løpet av festivalane er det ulike sportsaktivitetar, konsertar og aprikoskonkurransar.

Når det ikkje blir feira for aprikosen, er det ein festival forkirsebær ved distriktet Yeşilyurt i Malatya og fordruer i distriktet Arapgir. Det skjer òg årleg.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. ,Hawkins, John D. (2000):Corpus of Hieroglyphic Luwian Inscriptions. Vol. 1: Inscriptions of the Iron Age. Walter de Gruyter.
  2. http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=MALATYA
  3. http://www.hko.gov.hk/wxinfo/climat/world/eng/europe/gr_tu/malatya_e.htm

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Malatya&oldid=3420560»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp