Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Makedonia i antikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antikkens Makedonia

Makedonia (gresk Μακεδονία) var namnet på eitkongedøme iantikken i dei nordlegaste områda avHellas, som grensa tilÍpiros i vest ogThrakia i aust.[1] I ein kort periode var staten den mektigaste i det antikkenære Orienten etterAleksander den store erobra det meste av den kjende verda.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Verginasola, eit symbol assosiert med det makedonske kongedømet.

Tidleg historie

[endre |endre wikiteksten]

Den første makedonske staten oppstod på700-talet fvt. eller tidleg på600-talet fvt. underArgead-dynastiet då makedonarane skal ha kome til området frå vest. Deira første konge skal ha vorePerdikkas I. Rundt tida tilAleksander I av Makedonia starta makedonarane å utvide områda sine inn iEordaia,Bottiaea,Piería,Mygdonia ogAlmopia. Nær den moderne byenVéria bygdePerdikkas I (eller meir sannsynleg son hansArgaevs I) hovudstaden sin, Aigai (i dagVergina).

Etter ein kort periode underPersarriket ogDarios Hystaspes fekk staten sjølvstende sitt under kongAlexander I (495450 fvt.). Før300-talet fvt. dekte kongedømet om lag same området somGresk Makedonia i det moderne Hellas. Området vart stadig hellenisert i denne perioden, sjølv om framståande grekarar skal ha sett på makedonarane som primitive.

Ein samla makedonsk stat vart etter kvart oppretta av kongAmyntas III (393370 fvt.), men det var framleis store skilnadar mellom dei kvegrike kystslettene og dei aggressive isolerte stammene lenger inne i landet. Dei kontrollerte fjellovergangane der barbarane invaderteIllyria frå. Amyntas hadde tre søner, dei første toAlexander II ogPerdikkas III regjerte berre ei kort tid. Peridikkas III sin arving vart avsett av Amyntas sin tredje son,Filip II av Makedonia, som gjorde seg sjølv til konge og skapte ein periode med makedonsk dominans i Hellas.

Ekspansjon

[endre |endre wikiteksten]
Filip II, konge av Makedonia

Under Filip II, (359336 fvt.) utvida Makedonia områda sine inn i områda tilpaionianarane,thrakarane ogillyrarane. Mellom anna annekterte hanPelagonia og det sørlegePaionia (desse områda er i dag om lag distriktaMonastir/Bitola ogGevgelija iRepublikken Makedonia).

Makedonia vart meir politisk involvert med dei sørlege og sentrale bystatane iAntikkens Hellas, men heldt òg på eldre tradisjonar som palasskulturen, først i Aegae (i dag Vergina) så vedPella, og likna meir påden mykenske kulturen enn den dei greske bystatane. I tillegg hadde dei andre gamle skikkar som fleirkoneri.

Kart over Aleksander den store sitt rike.

Filip sin son,Aleksander den store (356323 fvt.) klarte ei kort stund å utvide den makedonske makta til ikkje berre dei greske bystatane, men til heilePersia, inkludertEgypt og land så lang aust som til utkantane avIndia. Aleksander lét dei erobra områda få ha sine styresett og spreidde gresk kultur og kunnskap i heile det store riket sitt. Sjølv om riket delte seg opp i fleire hellenske regime kort tid etter hans død, gjorde erobringane hans varige inntrykk, ikkje minst i dei nye gresktalande byane i dei vestlege områda av Persia.

Trass i at riket vart delt opp i stridande kongedøme styrt av Aleksander sine generalar, vart Makedonia verande eit nøkkelområde som stadig vart kjempa om.Antipater og son hansKassander fekk kontroll over Makedonia, men glei inn i ein lang periode med indre uro etter Kassander sin død i297 fvt.. Det vart ei stund styrt avDemetrios I (294288 fvt.), men gjekk inn i borgarkrig.

Demetrios sin son,Antigonos II (277 fvt.239 fvt.) klarte å få i stand ro og velstand, og slo tilbake eit åtak fråGalatia, men mista kontroll over dei mange tidlegare kontrollerte greske bystatane. Han oppretta eit stabilt monarki framkalteAntigonid-dynastiet. Etterfølgjaren hansAntigonis III (239 fvt.221 fvt.) bygde vidare på dette og gjenoppretta makedonsk makt i området.

Nedgang

[endre |endre wikiteksten]

UnderFilip V av Makedonia (221 fvt.179 fvt.) og son hansPersevs av Makedonia (179 fvt.168 fvt.) kom kongedømet i konflikt med den aukande makta tilDen romerske republikken. På100-talet fvt. og1. hundreåret fvt. kjempa Makedonia iei rekkje krigar. Dei leid to store tap, som til slutt førte til deira nederlag i197 fvt. då romarane slo Filip V, og168 fvt. då romarane slo Persevs. Dette førte etter kvart til Makedonia sitt nederlag, avsetjinga av Antigonid-dynastiet og opphevinga av det makedonske kongedømet.Andriskos klarte ei kort stund å gjenopprette monarkiet i149 fvt., men leid nederlag året etter då Makedonia vart omorganisert tilden romerske provinsen Makedonia.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Macedonia» - Britannica 2006

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Makedonia_i_antikken&oldid=3591379»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp