Maisild | |
![]() Maisild | |
Status | |
Status i verda:![]() | |
Systematikk | |
Rike: | DyrAnimalia |
Rekkje: | RyggstrengdyrChordata |
Underrekkje: | VirveldyrVertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | SildefiskClupeiformes |
Familie: | SildefamilienClupeidae |
Slekt: | Alosa |
Art: | MaisildA. alosa |
Vitskapleg namn | |
Alosa alosa |
Maisild (Alosa alosa) er einanadromsildefisk som lever vest iMiddelhavet og iAtlanterhavet vedEuropakysten. Arten skal visstnok smaka særs godt, men inneheldt mange bein. I norske farvatn førekjem han som ein sjeldan gjest.
Maisilda er sølvglinsande med 1-6 svake flekkar på sidene. Kroppen er noko samantrykt, med bukfinnar om lag rett under ryggfinnen. Halefinnen er djupt kløfta. Arten vert ofte forveksla medstamsilda, men har mange fleire gjellestavar; 90-120 på den første gjellebogen. Skjela til fisken er lange og tynne.
Maisild kan bli opp til 83 cm lang og når ei vekt på 3-4 kg.
Maisilda er einstimfisk som lever pelagisk i kystnære farvatn i saltvatn. Her lever dei avdyreplankton, særlegraudåte ogkril.
Imai går stimen opp ielver for å gyta. Dette skjer om natta nær overflata, helst i sterk straum. Ei ho kan gyta mellom 50 000 og 600 000 rogn med ein diameter på 1-2 mm. Etter tre døger til ei veke klekkar den 7-12 mm lange yngelen, som vanlegvis heldt seg i elva i om lag eit år. I førstninga etter at dei har vandra ut lever dei helst i elvemunninga.