Jernspon på eit ark syner magnetfeltet til ein stavmagnetEin «hesteskomagnet» laga avalnico, ei jernlegering. Magneten har form som ein hestesko for å føre dei to magnetiske polane nær kvarandre og skape eit sterkt magnetfelt som kan løfte tunge jernstykke.
Einmagnet er ein lekam som har eitmagnetfelt. Det kan vere einelektromagnet eller ein permanent magnet. Permanente magnetar generer alltid eit magnetfelt. Nåla i eitkompass er ein permanent magnet. Nokrebergartar har naturlege magnetfelt, men magnetar kan òg produserast industrielt. Elektromagnetar nyttarstraum til å generere eit magnetfelt.
Ordetmagnet kjem frågreskmagnítis líthos (μαγνήτης λίθος), som tydar «stein frå Magnesia». Magnesia var eit område i det gamle Hellas, noverandeManisa iTyrkia. Der finst detmagnetitt.