RPM | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Type | Ukeblad | ||
Innhald | Musikk | ||
Grunnlagd | Februar 1964 | ||
Nedlagd | november 2000 | ||
Redaktør(ar) | Walt Grealis | ||
Språk | Engelsk | ||
ISSN | 0315-5994 | ||
Nettstad | http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/index-e.html(engelsk) |
RPM (ISSN0315-5994 og seinareISSN0033-7064) var eitkanadisk musikktidsskrift med hitlister over singel og album i Canada. Tidsskriftet vart starta av Walt Grealis i februar 1964, og fekk økonomisk støtte av plateselskap-eigaren Stan Klees.RPM gjekk inn i november 2000.[1]
RPM var ei forkorting for «Records, Promotion, Music» (plateinnspelingar, promotering, musikk). Magasinet kom med ulike titlar medan det eksisterte, mellom andreRPM Weekly ogRPM Magazine. RPM publiserte hitlister for ulike format og sjangrar: singlar, moderne vaksenpop, dance, urban, kanadisk rock og countrymusikk. 21. mars 1966 utvidaRPM singlelista si frå topp 40 til topp 100. Dette vart igjen redusert til topp 50-liste 6. desember 1980, fram til ho vart omgjort til ei topp 100-liste igjen 4. august 1984.
Dei første vekene magasinet eksisterte, trykte ikkjeRPM nokon riksdekkande hitliste for Canada, men publiserte i staden aktuelle sendetid-lister for dei største radiokanalane i landet. Ei nasjonal hitliste for singlar vart først lansert 22. juni 1964, og den første songen til å toppa lista, var «Chapel of Lóve» medThe Dixie Cups.[2] FørRPM etablerte den nasjonale hitlista si, vart CHUM Chart fråToronto-radiokanalen CHUM rekna som den nasjonale hitlista i landet.[3][4] RPMs siste nummer 1-singel var «Music» medMadonna.[5]
I dag erCanadian Hot 100 den leiande hitlista for singlar i Canada. Lista vert publisert kvar tysdag av magasinetBillboard og vart lansert 31. mars 2007.