New York | |||
![]() | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Type | Tidsskrift | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 8. April 1968 | ||
Eigarar | Vox Media | ||
Språk | Engelsk | ||
Hovudkvarter | New York by | ||
ISSN | 0028-7369,2769-9889 | ||
OCLC | 1760010 | ||
Nettstad | https://nymag.com/(engelsk) |
New York er eit amerikansk vekeblad. Det tek for seg livet, kulturen, politikken og moten iNew York by. Bladet blei grunnlagt i1968 avMilton Glaser ogClay Felker som ein konkurrent tilThe New Yorker. Det var frekkare og mindre høfleg i stilen enn konkurrenten, og bidrog til utviklinga av såkallanew journalism.[1]
I 2009 var opplaget på 408 622, og 95,8 % av desse kom frå abonnement. Nettstadane til bladet — NYmag.com, Vulture.com, The Cut og Grub Street — hadde i 2013 over 14 millionar besøk kvar månad.[2]
I 2018 la eigaren til bladet, New York Media, inn ein betalingsmur for alle nettstadene sine,[3] følgd av fleire oppseiingar tidleg i 2019.[4]