Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Madeira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madeira
øygruppe
Flagg
Symbol
Land Portugal
Del avPortuguese Islands
Areal801 km²
Folketal 250 769(2021)[1]
Kart
Madeira
32°45′N17°00′W / 32.75°N 17°W /32.75; -17
Wikimedia Commons: Madeira

Madeira er eiøygruppe iNord-Atlanteren. Øygruppa er ein sjølvstyrt region iPortugal. Hovudstaden heterFunchal. Sjølv om øya geografisk høyrer tilAfrika, og ligg 650 km utanfor kysten, høyrer ho politisk og kulturelt til Europa, som ligg 955 km unna.

På to av øyane, Madeira ogPorto Santo, bur det folk. I tillegg finst fem aude øyar fordelt på to mindre øygrupper;Ilhas Selvagens ogIlhas Desertas.

Madeira vart avromarane kallaDei fiolette øyane og vart gjenoppdaga av portugisiske sjømenn mellom 1418 og 1420. Øygruppa vert rekna som først oppdaga avHenrik Sjøfararen frå Portugal. Øyane er ein populær feriestad året rundt og er kjend formadeiravinen, blomar og broderte handverk. Nyårsfeiringa på Madeira er òg kjend og ifølgjeGuinnes rekordbok er fyrverkeriet i feiringa det største i verda.[2]

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Camara de Lobos.

Madeira er ei vulkansk øygruppe i nordenden avdet afrikanske skjoldet.

Øyane er ein del av den delvis undersjøiske fjellkjedaMadeira-Tore. Hovudøya Madeira har eit kupert fjellandskap og det høgaste punktet erPico Ruivo på 1862 moh. Porto Santo er den eldste av øyane og vart truleg danna imiocen for 18–19 millionar år sidan. Den vulkanske aktivitete vart fram tilpliocentida. Einskjoldvulkan raga 6 km over havbotnen då det vart utvikla ei aust-vestleg rift i jordskorpa.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Madeira vart først oppdaga avromarane, men vart etter kvart gløymd. På 1400-talet vart øya oppdaga på nytt og vart ein del av Portugal. Portugisarane starta koloniar og plantasjar på øya og plasseringa til Madeira gjorde ho til ein mellomstasjon for handelsfartøy som mellom anna førteslavar.

I 1834 vart Madeira eit distrikt utanfor fastlandet, men den store endringa kom i samband med demokratiseringsprosessen i Portugal på 1970-talet. I 1976 vart Madeira ein autonom region og har utvikla seg til ein økonomisk frisone samtidig som turismen har vokse sterkt. I samband med omvandlinga til ein autonom region fekk Madeira ogAsorane ei særstilling i grunnlova til Portugal.

Den britiske påverknaden på Madeira merkar ein mellom anna gjennom det velkjende hotelletReid's Palace og ved at britane i lang tid har hatt Madeira som reisemål. Storbritannia okkuperte Madeira to gonger på 1800-talet.

I juli 2012 vart øyane råka av skog- og grasbrann.

Folk frå Madeira

[endre |endre wikiteksten]

Galleri

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3https://www.ine.pt/xportal/xmain?xpid=INE&xpgid=ine_indicadores&contecto=pi&indOcorrCod=0011166&selTab=tab0.
  2. Madeira “largest firework display in the world”, arkivert fråoriginalen 30. september 2007, henta 22. juni 2008 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Madeira
Distrikt
Regionar
Autonome regionar
Spire
Dennegeografiartikkelen som har medPortugal å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Madeira&oldid=3553608»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp