MSD (forkorting for «Merck, Sharp & Dohme»), kjend somMerck & Co. iUSA ogCanada, er eitamerikanskkonsern som produserer legemiddel og farmasøytiske produkt. Konsernet, som er eitt av dei fem største legemiddelfirma i verda, var opphavleg eit dotterselskap av det tyske legemiddelfirmaetMerck, men vart til liks med andre tyske aktiva konfiskert underfyrste verdskrig og gjort om til eit sjølvstendig amerikansk selskap. 4. november 2009 fusjonerte MSD med legemiddelfirmaetSchering-Plough.
MSD (Norge) AS vart etablert i 1973, og har sidan 1975 halde til i Drammen. Selskapet tilhøyrer det internasjonale farmasøytiske selskapet Merck & Co.