Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Månaden mars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mars er den tredjemånaden idet gregorianske året, ein av dei sju som har 31 dagar. Han er kalla opp etter den romerskeguden Mars. Romarane kalla månadenmartius, og ettersom Mars var krigsguden, meinte dei dette var ei god tid å startakrigar på.

Opphavleg var mars den første månaden i året.Vårjamdøgn, som markerer byrjinga av våren påden nordlege halvkula, kjem rundt21. mars. Dette blei sett på som ei naturleg tid for eit nytt år å ta til, og nyttårsfeiringa var lenge feira på denne tida. Nokre samfunn feirar framleis nyttår rundt vårjamdøgn.

Julius Cæsar lagaden julianske kalenderen i å45 f. Kr., flytta han årsskiftet til byrjinga avjanuar, men mange land heldt lenge på den gamle tradisjonen med nyttårsfeiring i mars. IFrankrike blei mars den tredje månaden i1564, medanStorbritannia ogdet britiske imperiet venta heilt til1752.

Andre namn på mars

[endre |endre wikiteksten]

Dei fleste europeiske språk har i dag eit namn på mars som minner om det latinskemartius, til dømesmaartnederlandsk,marsfransk ellermarzospansk.

I tidlegare tider kalla ein gjerne mars forvårmånad i Sverige,tordmåned (avleia avTor) iDanmark, ogbjørkmånad på dei flesteslaviske språka.

Anna

[endre |endre wikiteksten]
  • Dei som blir fødde tidleg i mars har stjernebiletetfiskane, og dei som blir fødde seinare harvêren .
  • Mars byrjar på same dag somnovember kvart år, og på same dag somfebruar så lenge det ikkje erskotår.

Årlege hendingar i mars

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «วันนอนหลับโลก (World Sleep Day)» (på thai). Sanook. 17. mars 2016. Henta 5. februar 2023. 
<1 ·2 ·3 ·4 ·5 ·6 ·7 ·8 ·9 ·10 ·11 ·12 ·13 ·14 ·15 ·16 ·17 ·18 ·19 ·20 ·21 ·22 ·23 ·24 ·25 ·26 ·27 ·28 ·29 ·30 ·31>
Månadene i den vestlege kalenderen
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Månaden_mars&oldid=3460380»
Kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp