Lyrehalar er einfamilieMenuridae av to bakkelevandefuglar i ei felles slekt,Menura. Familien er klassifisert innanfor ordenensporvefuglar, Passeriformes. Lyrehalar er kjent for uvanlege evner til å herme både naturlege og unaturlege lydar i omgjevnadene sine. Begge kjønna har ei brun og gråfjørdrakt. Hannane har særeigne fjørbuskar av to halefjør på opptil 55cm. Fjørene kan reisast opp slik at dei minnar ommusikkinstrumentetlyre. Leveområdet er sørlegeAustralia.
Fuglane nyttar mykje tid på skogbotnen og grev med kraftige føter og skarpe klør etterinsekt,larver og andrevirvellause dyr. Dei kviler og søv på greiner i tre.
- Praktlyrehale eller Weringerong (Menura novaehollandiae) er funnen i område medregnskog idelstaten Victoria,New South Wales og søraustlegeQueensland. Han vart introdusert iTasmania på 1800-talet. Hofuglar er 74-84 cm lange, og hannane er større, omtrent som ein hane avtamhøns, ca. 80-98 cm lange - noko som gjer arten til den tredje største sporvefuglen ettertjukknebbramn ogramn,Corvus corax. Ein finn mykje praktlyrehale innanfor grensene av Dandenong Ranges nasjonalpark og Kinglake nasjonalpark vedMelbourne, Royal nasjonalpark og i Illawarra-regionen sør forSydney og i mange andre parkar langs austkysten av Australia så vel som i ikkje-verna buskskogområde.
- Smålyrehale (Menura alberti) er noko mindre, maksimalt 90 cm for hannar og 84 cm for hoer, og finst berre i et svært lite område i regnskogen i sørlege Queensland. Dei har mindre spektakulære halefjør enn praktlyrehale, men er elles like. Det vitskaplege namnet på arten er etter prins Albert, mannen tilVictoria av Storbritannia.
Det er hovudsakleg om vinteren at hannane av lyrehalar vokaliserer. Då byggjer dei og held vedlike ein open, opphøgd spelplass i tett skog, kvar hann kan ha fleire slike plassar på eit stort territorium.[1]På plassen har hannfuglen oppvisingar for å trekkje til seg potensielle partnarar. Praktlyrehalen, truleg òg smålyrehalen har eitpolygamt system kor hannen parar seg med mange hoer. Hoene byggjerreir, gjer all ruging og tar omsut for ungane. Reiret er ein stor overbygd struktur med sideinngang, det er bygd av trepinnar og er godt kamuflert. Kullet er på eit, sjeldan toegg og rugetida er om lag 50 dagar. Hoa tar omsut for ungen i opptil 9 månader.[1]
Lyrehalar beitar på insekt,edderkoppar,meitemark og nokre gongerfrø. Dei finn mat på bakken ved å skrape med føtene gjennom nedfall av blad. Når dei er utrygge, vel dei heller å springe bort i staden for flyge. Dei vil skjule seg i hòler.
Repertoaret av lydar frå desse fuglane er ei rik blanding av 'eigen' song og ei rekkje andre lydar som dei har høyrt.Syrinxen hos lyrefuglar er dei mest avanserte av alle sporvefuglar, det gjev dei særlege evner til eit vokalrepertoar og til etteraping utan sidestykke blant fuglar.
Hannfuglar av lyrehalar kan gjeve att songar frå andre fuglar med stort truverde og dei er i stad til å ha 'samtalar' med flokkar av fuglar, dei imiterar dyr og menneskelege lydar, maskiner av alle slag, eksplosjonar ogmusikkinstrument. Lyrehalar er i stand til å etterlikne nesten alle lydar - frå eifløyte til eitømmermannssag, og ikkje uvanleg, lydar så ulike sommotorsager, bilmotorar og bilalarmar, brannalarmar, rifleskot,fotoapparat, hundebjeffing, gråtande babyar, og til og med menneskelegerøyster. Hoer av lyrehalar er også dyktige til å etterlikne, men ein høyrer ikkje hofuglar så ofte som hannfuglar.