Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Nettlesaren Lynx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråLynx)

UtviklarThomas E. Dickey
Utgjeve1992
Nyaste versjon2.9.0dev.12(9. januar 2023)[1]
OperativsystemUnix-variant, Microsoft Windows, OpenVMS
Skriven iC
Typetekstbasert nettleser
LisensGPLv2
Nettstadhttps://lynx.invisible-island.net/

Lynx er den mest populære tekstbasertenettlesaren forverdsveven. Han stør ikkje rammer, tabellar ellerstilark. Denne nettlesaren er basert på curses, eit UNIX-bibliotek med funksjonar for å kontrollere utskrift til ein terminalskjerm frå eit C-program.

Utviklinga av Lynx byrja ved universitet i Kansas, og det er det hovudsakleg Michael Grobe, Charles Rezac og Lou Montulli som har fått æra for arbeidet.

Lynx for brukarar med særskilde behov

[endre |endre wikiteksten]

I og med at det er mogleg å bruke lynx utan mus i det heile, er lynx svært populær blant brukarar som har særlege krav til nettlesaren sin. Blinde bruker t.d. lynx, og les teksten medbraille-skrift. Dessverre er det mange nettsider som ikkje blir laga med lynx i tankane. Sjølv om hyperlenkjer kan identifiserast med hjelp av symbol eller bilete lagra som gif-filer, kunne webutviklarane godt ha laga ein tekst-identifikator «under» den grafiske identifikatoren. Wikipedia sine sider er gode døme på ein nettstad som kan lesast både med lynx og med grafiske nettlesarar.

Lynx kan også brukast i kontekstar der ein loggar seg på maskiner viassh, utan å få eit grafisk grensesnitt.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Thomas E. Dickey (9. januar 2023).«ANN: lynx2.9.0dev.12» (på engelsk). Henta 23. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Nettlesaren_Lynx&oldid=3514334»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp