Lviv oblast (ukrainsk Львівська областьLvivska oblast ) er ein provins (oblast) i det vestlegeUkraina. Administrasjonssenteret og største by erLviv. I 2022 hadde provinsen 2 478 133 innbyggjarar, og eit areal på 21 833 km².
Dei viktigaste næringsvegane i Lviv oblast erlandbruk ogskogbruk. Området har òg noko industri.
90% av innbyggjarar er etniske ukrainarar. Av minoritetsgrupper er russarar den viktigaste, men det er òg enkelte jødiske, polske og tyske samfunn i regionen. Det finst ògromfolk i Lviv oblast.