Luxemburgsk ellerluxembourgsk (Lëtzebuergesch) er eit offisielt språk iLuxemburg, nærskyldt medtysk.
Luxemburgsk liknar dialektane som blir talt i dei tilgrensande delane avTyskland. Sidan luksemburgsk i 1984 fekk status som offisielt språk i Luxemburg, ved sida av tysk ogfransk, blir det i dag rekna som eit sjølvstendig språk.
Luxemburgsk er likevel ikkje eit offisieltEU-språk. Det kan ha samanheng med at fransk enno er offisielt lovspråk i Luxemburg.
Språket var lenge berre eit talespråk, rekna som ein tysk dialekt med mange franske lånord. Dialekten ligg nær dei mosel-franskiske dialektane i Tyskland.
5. juni 1946 fekk språket ei offisiell rettskriving – «ofizjel lezebuurjer ortografi». I 1975 innførte regjeringa i Luxemburg ei ny rettskriving, «Offiziell Lëtzebuerger Orthographie»; denne følgjer i større grad tyske konvensjonar.[1]
Den luxemburgske språklova av 24. februar (skriven på fransk) slår fast at
Luxemburgs statsspråk er luxemburgsk.
Lovtekstane i landet skal publiserast på fransk.
Styresmaktene kan eitter eige val bruke luxemburgsk, tysk eller fransk.
Dersom nokon kontaktar styresmaktene på luxemburgsk, tysk eller fransk, så skal dei svare i det same språket.
Luxemburgsk er kvardagsspråket i Luxemburg. Gateskilt er skrivne på luxemburgsk både i Luxemburg og delar av Belgia. Private brev er oftast skrivne på luxemburgisk, medan offisielle publikasjonar oftare blir skrivne på fransk.
Avisene er for ein stor del skrivne på tysk.
Undervisning i grunnskolen skjer på luxemburgsk, mens elevane lærer fransk frå andre klasse. Frå og med niande klasse kan ein velje om ein vil ha undervisninga utelukkande på luxemburgsk eller fransk.
Dei siste åra er det vorte vanlegare med luxemburgsk musikk, fjernsyn og filmar.