Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lungefiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lungefiskar
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Underrike:Bilaterale dyrBilateria
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Infrarekkje:KjevemunnarGnathostomata
Megaklasse:BeinfiskarOsteichthyes
Overklasse:KjøtfinnefiskarSarcopterygii
Overorden:LungefiskarDipnoi
Müller,1845

Lungefiskar (Dipnoi) er ein underklasse avkjøtfinnefiskar som harlunger i tillegg tilgjeller. Dei få artane i gruppa som lever i dag er særs spesialiserte. Lungefiskane er avhengige av atmosfæriskoksygen i tillegg til oksygenopptaket gjennom gjellene. Dei har òg visse trekk ihovudskallen som skil dei frå andre fiskar, og ein symmetrisk skjelettbygnad i halen.

Fossile lungefiskar er kjende frådevon og hadde då ei vid utbreiing på jorda. I denne perioden fanst ei rad til dels klart ulike typar lungefiskar, men sams for alle var dei lange og kvastforma para finnane. Desse lungefiskane hadde òg utvikla kraftige og flate knusetenner som sat på ganen, og kranietaket var dekt av eit høvesvis stort tal småe knoklar. Lungefiskane var talrike i devon, men ikarbon ogperm var dei gått sterkt attende i talet på artar og vart samstundes meir og meir like lungefiskane som lever i dag.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«lungefisk» iStore norske leksikon, snl.no. Henta 16. juni 2017.

Spire
Dennebiologiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lungefiskar&oldid=2971604»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp