Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ludvika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvika
by
Land Sverige
Areal1 142 km²
Folketal 15 675(31. desember 2023)
Kart
Ludvika
60°07′13″N15°10′14″E / 60.120171999802°N 15.170645454352°E /60.120171999802; 15.170645454352
Ludvika i Sverige.
Ludvika i Sverige.
Ludvika i Sverige.
Wikimedia Commons: Ludvika

Ludvika er einby iVästerbergslagen og sørlegeDalarna ved søraustenden av innsjøenVäsman, 65 km sørvest forFalun. Staden ligg hovudsakleg iLudvika kommun. Den austre delen ligg iSmedjebackens kommun. Ludvika ercentralort i Ludvika kommun. Ludvika har 14 498 innbyggarar (2011) og er den 83. største byen i Sverige.

Ludvika er ein industri- og handelsstad. På staden finst bl.a eit gruvemuseum. Byen er eit handelssentrum og jernbaneknutepunkt

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Ludvika stadshus.
Ludvika herrgård.

VedLudvika ström létGustav Vasa anlegge Ludvikakronobruk kring 1550. Dette varSveriges første bruk forstangjernsmie i regi av krona. I 1726 vart bruket seld til familienCedercreutz. Familien Roth, som var dei siste eigarane, utvida bruket med eitsagbruk og eitvasskraftverk. Ludvika bruk la ned produksjonen i1920.

Ludvika fekkbyprivilegium i1919. I 1981 vartKarin Värmefjord den første kvinnelege politimeistaren i Ludvika og i Sverige.

Stadnamnet

[endre |endre wikiteksten]

Tolkinga av namnet «Ludvika» er langt frå sikker. Namnet er tidlegast belagt i 1539 og var opphavleg ein by i den søre delen av den noverande tettstaden. Byen har sannsynlegvis fått namnet sitt av Lyviken like ved i innsjøenVäsman. Namnet på vika kan vidar i sin tur kanskje koplast til det i kjeldene ubelagde namnetLydhia på det vassdraget som munnar ut der. Dette namnet er i så fall danna til eit ord som er i slekt medludd ogluden og som viser tiltakrøyr som veks der.[1] Etter ei anna tolkning skulle forstavinga i namnet på vika istaden komme av det gammalvenske ordetly som tyder 'le', altså 'levika'.[2]

Den noverande formaLudvika er truleg ei forfina form frå 1700-talet, kanskje påverka av mannsnamnetLudvig.[2] Namnet på kyrkja og soknet,Ludvika Ulrika, vart innført i 1752 for å heidre den nye svenske dronningaLovisa Ulrika.[3]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Wahlberg, Mats, red. (2003),Svenskt ortnamnslexikon, Uppsala: Språk- och folkminnesinstitutet, s. 198,ISBN 91-7229-020-X 
  2. 2,02,1Harry Ståhl (1946), Helge Lindberg, red., «Bärke, Gränge och Ludvika. Några ortnamn från Västerbergslagen»,Ortnamnsällskapets i Uppsala årsskrift (Uppsala): 11–14 
  3. Sege, Carl A:son (1952),Ludvika Kyrka, Falun: Ludvika kyrkoråd, s. 14 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Ludvika
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ludvika&oldid=3481174»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp