Love Me Tender Singel avElvis Presley | ||
B-side | «Any Way You Want Me» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. oktober 1956 | |
Innspelt | 24. august 1956, 20th Century Fox Studios iLos Angeles | |
Sjanger | Pop[1] | |
Lengd | 2:41 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | George R. Poulton, Elvis Presley, Ken Darby | |
Tekstforfattar | Elvis Presley, Ken Darby | |
Låtskrivar(ar) | Musikk:George R. Poulton Tekst:Ken Darby (ikkje tilskriven,Elvis Presley & Vera Matson oppført) | |
Produsent |
| |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Shake, Rattle and Roll» (1956) | Love Me Tender | «Too Much» (1957) |
Love Me Tender Singel avRichard Chamberlain frå albumetRichard Chamberlain Sings | ||
B-side | «All I Do Is Dream of You» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1962 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | MGM Records | |
Komponist | George R. Poulton, Elvis Presley, Ken Darby | |
Tekstforfattar | Elvis Presley, Ken Darby | |
Richard Chamberlain-kronologi | ||
«Theme From Dr. Kildare (Three Stars Will Shine Tonight)» (1962) | Love Me Tender | «All I Have to Do Is Dream» / «Hi-Lili, Hi-Lo» (1963) |
«Love Me Tender» er ein song frå 1956 spelt inn avElvis Presley. Teksten og musikken er tilskrivenKen Darby under pseudonymet «Vera Matson», kona hans, og Elvis Presley. RCA Victor-innspelinga av Elvis Presley gjekk til topps på bådeBillboard- ogCashbox-lista i 1956. Songen var basert på melodien til «Aura Lee», ein sentimentalborgarkrigsballade. Songen er blitt nytta i mange filmar somFM,Touched by Love,This is Elvis,Porky's Revenge,Wild at Heart,Die Hard 2,Honeymoon in Vegas,Backbeat,Gaudi Afternoon,Machine Gun Molly,The Princess Diaries 2: Royal Engagement,William Eggleston in the Real World,California Dreamin',Love in Space,Devil's Due,Just Before I Go og90 Minutes in Heaven.
«Love Me Tender» har ein melodi som er basert på borgarkrigssongen «Aura Lee», som vart publisert i 1861. Musikken til «Aura Lee» vart komponert avGeorge R. Poulton og teksten var skriven avW.W. Fosdick. Han vart seinare populær på college-klubbar og barbersalongkvartettar. Han vart òg sungen vedU.S. Military Academy ved West Point i New York.
Teksten vart i hovudsak skriven avKen Darby til borgarkrigsballaden, som var i offentleg eige. Songen vart publisert av Elvis Presley Music[2] og oppført som ein song av Presley og kona til Darby, Vera Matson. Presley fekk honorar som låtskrivar på grunn av avtalen hans med Hill & Range som kravde at låtskrivarane måtte gje frå seg halvparten av honorara for songen sin om dei ønskte at Presley skulle spele han. Presley bidrog særs lite med låtskriving til mange av songane han spelte inn.[3] Då Darby vart spurt om kvifor kona hans stod oppført som medlåtskrivar, svarte han «Fordi ikkje ho skreiv songen heller.»
Som med nesten alle dei tidlege RCA-innspelingane tok Presley kontroll i studio, trass i at han ikkje vart oppført som produsent. Han endra ofte på arrangementa og teksten til eit punkt der originalsongen ofte ikkje var å kjenne att. Ken Darby skildra Elvis Presley si rolle i songen: «Han tilpassa musikken og teksten til sin eigen. Elvis har det mest fantastiske øyret for slikt av alle eg har møtt. Han kan ikkje lese notar, men han treng det ikkje. Alt eg trong å gjere var å spele songen for han ein gong, og han gjorde songen til sin eigen! Han har perfekt bedømming om kva som er rett for han. Han utøvde den bedømminga når han valde 'Love Me Tender' som kjenningsmelodien sin.»[4]
Elvis Presley framførte «Love Me Tender» påThe Ed Sullivan Show den 9. september 1956, kort tid før singelen kom ut og ein månad før filmenLove Me Tender (som songen opphavleg vart skriven for) kom på lerretet. Dagen etter fekk RCA ein million førehandsbestillingar, og han selde til gullplate sjølv før han kom ut. Studioet, 20th Century Fox, ville opphavleg kalle filmenThe Reno Brothers, men gav han tittelenLove Me Tender for å utnytte populariteten til songen.
FilmprodusentenDavid Weisbart ville ikkje la det faste bandet til Presley (Scotty Moore,Bill Black ogD.J. Fontana) spele på filmmusikken. I staden for spelte The Ken Darby Trio med Red Robinson på trommer, Charles Prescott på bass, Vita Mumolo på gitar, og Jon Dodson på korvokal, medan Presley berre song.
Singelen debuterte på andreplassen på «Best Sellers in Stores»-lista, den første gongen ein singel debuterte så høgt på denne lista.[5]
Songen gjekk til topps påBillboard-lista veka som enda 3. november 1956, og låg her i fem veker. I Storbritannia nådde singelen 11. plassen på lista. «Love Me Tender» nådde òg tredjeplassen i tre veker på R&B-lista.[6] I tillegg overtok «Love Me Tender» førsteplassen frå lista frå ein annan Presley-singel, «Hound Dog/Don't Be Cruel». Dette markerte to viktige hendingar i Billboard-historia. På denne tida sette Elvis rekord med lengste samanhengande periode på førsteplassen for same artisten, seksten veker i alt. Dette vart tangert avBoyz II Men i 1994 og stod i åtte år til før rekorden vart slått avR&B-songarenUsher i 2004 somm låg 19 veker på toppen av lista.
Denne versjonen vart rangert på 437. plassen på lista tilRolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
I 1968 spelte Presley inn ein 52 sekundar lang song kalla «Violet (Flower of N.Y.U.)» for filmmusikken til filmenThe Trouble with Girls. Denne kom først ut etter Presley var død og var òg basert på «Aura Lee».
Sjølv om Presley berre spelte inn ein versjon av «Love Me Tender» i studio, vart det gjeve ut to konsertversjonar,NBC-TV Special (1968) ogElvis: As Innspelt at Madison Square Garden (1972), og fleire utgåver frå konsertar og fjernsyn vart gjeve ut etter Presley var død. Songen vert òg nytta i konsertfilmenElvis on Tour (1972). Som ein ser i filmen, og andre filmopptak, song Presley ofte berre eit utdrag av songen og brukte resten av songen til å småprate med publikum, som regel kvinner.
CD-utgåva av EP-enJailhouse Rock frå 1997 inneheld desse tre versjonane.
445: «I Wanna Be Your Dog» The Stooges | Plassering på lista tilRolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 444 «Love Me Tender» Elvis Presley | 443: «Beast of Burden» The Rolling Stones |