Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om lov i juridisk tyding. For andre tydingar av oppslagsordet, sjåvitskapleg lov.
Siste sida avCodex Runicus som inneheld ein versjon avSkåneloven.

Lov (frånorrøntlǫg, frålag, 'det som er lagt, fastsett') er einrettsregel som fastsetrettar ogplikter. Einformell lov er ein skriven rettsregel laga av denlovgjevande makta i eit land.

I moderne tid er lovar som oftast nedskrivne, slik atsedvanerett ikkje er rekna som del av lovane. Tradisjonelt har ein ofte bruktmunnleg lovoverføring, der lovane ikkje er skrivne ned, men likevel ligg fast.

Noreg

[endre |endre wikiteksten]
Norske lovar er samla iNorges lover.

INoreg er ei lov definert som ein generell rettsregel gjeven avStortinget etter reglar heimla iden norske grunnlova.

Lovar vedtekne til og med1968 vert identifiserte med sanksjonsdato, og eit tal dersom det vart vedtekne fleire lovar same dag. Lovar vedtekne frå og med1969 vert identifiserte med årstal og eit stigande nummer gjennom kalenderåret.

Saksgangen fram mot lovvedtak

[endre |endre wikiteksten]
Treng oppdatering Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åoppdatere han.
  • Regjeringa si førebuing
  1. I større og særleg viktige lovsaker oppnemnerRegjeringa eit utval. Utvalet greier ut om faktiske tilhøve og rettslege problemstillingar. Utgreiinga og eit utkast til lov vert levert i form av einNOU eller ein rapport til detdepartementet sakstypen normalt sorterer under.
  2. Departementet sender lovutkastet til andre relevante departement og organisasjonar tilhøyring.
  3. I saker der ein har ein NOU og høyringsuttalar frå organisasjonar vert NOUen samanfatta med uttalane og departementet sine eigne kommentarar i ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.) I mindre lovsaker utarbeiderdepartementet direkte eit lovframlegg i form av ein odelstingsproposisjon (Ot.prp.).
  4. Kongen i statsråd (Regjeringa) vedtek proposisjonen og sender han vidare tilStortinget for handsaming.
  • Stortinget si handsaming
  1. Den relevantefagkomiteen vurderer proposisjonen og gjev eventuelt kommentarar med innstillinga tilOdelstinget (Innst.O.).
  2. Odelstinget vurderer lovsaka og fattar vedtak. (Forh.O.)
  3. Lagtinget vurderer lovsaka og fattar i utgangspunktet endeleg vedtak. (Forh.Lt.) Dersom Lagtinget ikkje sluttar seg til Odelstinget sitt vedtak legg det ved «Lagtinget sine merknader» og sender saka attende til Odelstinget. Dersom det er usemje mellom Lag- og Odelsting to gonger må lovsaka opp tilplenumsvotering i Stortinget, og krev 2/3 fleirtal for å verte vedteke.
  • Kongen i statsråd (Regjeringa) sin sanksjon
  1. Kongen signerer ogstatsministerenkontrasignerar vedtaket.
  • Kunngjering
  1. Lovvedtaket vert kunngjort gjennomNorsk Lovtidend og registrert iLovdata-systemet. Lova gjeldi utgangspunktet frå ein månad «etter den dag da det nummer av Norsk Lovtidend ble utgitt som inneholder kunngjøringen av loven» jf. LOV-1969-06-19-53 (Lov om Norsk Lovtidend)

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennerettsvitskapsartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lov&oldid=3019955»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp