Lourdes var opphavleg ein liten og lite viktigkjøpstad ved foten av Pyreneane. Borga som stig opp frå sentrum av byen, var lenge det einaste viktige i byen. Etter atBernadette Soubirous i1858 visstnok hadde eit syn avJomfru Maria i byen, har Lourdes utvikla seg til ein svært populærkristenpilegrimsstad.
I dag har Lourdes om lag 17 000 innbyggjarar, men tar imot om lag 5 millionarpilegrimar og turistar kvar år. Lourdes er den byen i Frankrike med nest flest hotell etterParis med om lag 270 stykk.
På 700-talet var det fleire småkampar mellom Mirat, den lokalemaurarleiaren, ogKarl den store, konge overfrankarane i Lourdes og festninga som låg her. Karl den store hadde omleira Mirat i festninga ei stund, men mauraren hadde så langt nekta å overgje seg. Ifølgje segna skal ei ørn uventa ha dukka opp og sleppte ein enorm laks ved foten til Mirat. Dette vart sett på som eit dårleg teikn, og Mirat vart overtala til å overgje seg til dronninga av himmelen av den lokale biskopen. Han vitja Den svarte Madonna av Puy for å ofre gåver, slik at han kunne få eit sikkert svar på om det var det rette å overgje seg. Han vart forbløffa over kor vakker ho var, og valde å overgje festninga og konvertere tilkristendom. På dagen han vart døypt, tok Mirat namnet Lours, som òg vart namnet til byen. Gjennom tidene har dette endra seg til Lourdes.
Fram til1858 var Lourdes ein roleg og søvnig by med om lag 4 000 innbyggjarar.11. februar1858 hevda den 14 år gamle lokale jentaBernadette Soubirous at ei vakker kvinne hadde vist seg for ho i den avsidesliggandeGrotto av Massabielle. Kvinna skal seinare ha identifisert seg sjølv som «den reine unnfangelsen», og dei truande meinte det varJomfru Maria. Kvinna viste seg 18 gonger, og i 1859 strøymde tusenvis av pilegrimar til Lourdes. Ein statue av Vår Frue av Lourdes vart reist her i1864. Etter dette vart Lourdes ein av dei viktigaste katolske heilagdomane for Jomfru Maria, og talet på vitjande steig frå år til år. Staden er så viktig for den katolske kyrkja atPave Johannes Paul II vitja heilagdomen to gonger i 1983 og 2004.
Frå mars til oktober strøymer katolske pilegrimar frå heile verda til Vår Frue av Lourdes. Ein meiner at kjelda i grotta har lækjande eigenskapar, som visstnok skal ha gjort folk med uhelbredlege sjukdommar friske. Det er estimert at om lag 200 millionar menneske har vitja heilagdomen sidan 1860, og den romersk-katolske kyrkja har offisielt godkjend 68 mirakuløse helbredingar.
Det finst òg mange kritikarar og skeptikarar til desse syna frå 1856. Familien til jenta var svært fattige, men etter dei påståtte syna opplevde familien stor framgang og vart rik. Derfor hevdar kritikarane at det var familien til jenta som stod bak dei påståtte syna.
Mange vitjande i Lourdes vert sjokkert over å sjå dei mange neonopplyste suvenirbutikkane med sal av tvilsame heilage gjenstandar. Lourdes har vorte kalla «Den katolske kyrkja sitt svar påDisneyland» og parallellar vert stundom trekt tilLas Vegas. Kritikarar hevdar òg at Lourdes-fenomenet i dag berre er noko byen og regionen tener pengar på, og derfor er svært interessert i å få pilegrimane til å halde fram med å kome hit.