Louisville er ein by i delstatenKentucky iUSA. Med sine 610 000 ibuarar er byen den mest folkerike i delstaten. Heile byregionen har over 1,2 millionar ibuarar. Byen er administrasjonssenter for Jefferson County. Louisville ligg nord i delstaten.
Louisville består av den moderne og typiske nordamerikanske midtbyen, samt fleire bydelar med gamle bygningar frå viktoriatida. Ingen annan by utanforEngland har like mange bustadhus i same stilen.
Byen vart grunnlagd i 1778 og er den eldste i USA vest forAppalachane. Han er oppkalla etter den franske kongenLudvig XVI.