Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lough Swilly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lough Swilly
fjord
Land Irland
Kart
Lough Swilly
55°09′14″N7°32′12″W /55.153769444444°N 7.5366194444444°W /55.153769444444; -7.5366194444444
Wikimedia Commons:Lough Swilly
Kart over halvøyaInishowen med Lough Swilly i vest

Lough Swilly (Loch Súilíirsk) er einfjord (sea loughengelsk) på vestsida av halvøyaInishowen iCounty Donegal iRepublikken Irland.

Lengst nord i fjorden ligg Fanad Head og Dunaff Head. Av byar langs fjorden finn einBuncrana på Inishowen ogRathmullan på vestsida. Heilt innerst i fjorden i sør liggLetterkenny.

Etter eit opprør som slo feil i september1607 laHugh O'Neill, den andre jarlen av Tyrone ogRory O'Donnell, den første jarlen av Tyrconnell frå land vedRathmullan med nitti av etterfølgjarane sine i det som er vorte kallaflukten til jarlane og kom aldri tilbake til Irland igjen. Ein fransk flåte som hadde med segWolfe Tone og troppar til å assistere iopprøret i 1798 vart avskore og slått ytterst i Lough Swilly i oktober1798. Tone vart tatt til fange i Letterkenny.

Fjorden vart nytta som ankerplass forRoyal Navy underden første verdskrigen. Britane bygde òg fleire fort for å forsvare fjorden og restane av desse kan ein sjå ved Lenan Head, Dunree (i dag eit museum) og Buncrana. Fjordane var òg ein avtraktathamnene spesifisert iden anglo-irske avtalen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lough_Swilly&oldid=3492821»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp