Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Marulkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråLophiiformes)
Marulkar
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Underrike:Bilaterale dyrBilateria
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Infrarekkje:KjevemunnarGnathostomata
Megaklasse:BeinfiskarOsteichthyes
Overklasse:StrålefinnefiskarActinopterygii
Orden:MarulkarLophiiformes
Garman,1899

Marulkar er einordenbeinfisk som lever i havet. Det er beskrive 265 ulike artar på verdsbasis, dei fleste av desse er djuphavsartar frå varme strok. I Noreg er det berrebreiflabben som kjem jamleg føre, i tillegg harsargassoulken vorte observert èin gong.

Fisk rekna til marulkane lever på ein av tre ulike måtar: Nokre artar sym nær botnen, andre lever i tilknyting til drivande tang og atter andre lever på djupt vatn. Felles for dei fleste artane er at første finnestrålen i ryggfinnen er omdanna til ei slags «fiskestong»; ein kjøtfull flik som trekkjer til seg småfisk marulken kan eta. Hjå djupvassartane er det ofte lysorgan i fiskestonga.

Kjenneteikn

[endre |endre wikiteksten]

Marulkane er lettast å kjenna att på fiskestonga, som er til stades hjå dei aller fleste artane. Denne er delt opp i «stong» og «agn», og er omdanna frå første finnestrålen i ryggfinnen. Bukfinnane manglar eller sit framfor brystfinnane, noko som er eit teikn på skyldskap medtorskefiskane.

Opninga til gjellekammeret sit anten ved eller bak basis for brystfinnane, ved sjeldsynte høve kan ho òg sitja delvis framfor dei. Artar med symjeblære har ikkje samband mellom denne og svelget.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Jonsson, Bror: «Marulker» iNorges dyr, Cappelen 1992
  • Fishbase
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Marulkar&oldid=3287962»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp