Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lomvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lomvi
Lomvi Foto: Anne Morkill
Lomvi
Foto: Anne Morkill
Utbreiing og status
Status i verda:LCLivskraftig
Status i Noreg:CRKritisk trugaUtbreiinga av Lomvi
Utbreiinga av Lomvi
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Orden:Vade-, måse- og alkefuglarCharadriiformes
Familie:AlkefamilienAlcidae
Slekt:LomvislektaUria
Art:LomviU. aalge
Vitskapleg namn
Uria aalge

Lomvi (Uria aalge) er einsjøfugl ialkefamilien. Han har ei svart og kvitfjørdrakt. Arten er representert iholarktis og hekkar idei boreale og subarktiske områda. Dei lever året rundt iNord-Atlanteren og det nordlegeStillehavet. Lomviar er tilpassa eit liv til havs og søker til land med fjellklipper berre i hekketida.

Dette er den største arten blant nolevande alkefuglar. Eit karakteristisk trekk ved alkefuglar iUria-slekta er evna til å dukke djupt etter føde, ned til 180 meter for lomvi.

Det norske artsnamnet lomvi er omdanna frå norrønt 'langvé'.[1]

Skildring

[endre |endre wikiteksten]

Lomvien er 38–46 cm lang pluss føtene som stikk ut om lag 4 cm. Vengespennet er 61–73 cm og ein vaksen fugl veg kring 1 kg. Kjønna er like. Om sommaren er fuglen brunsvart på hovud, rygg, vele, oversida på vengane og undersida avsvingfjørene. Undersida er kvit liksomdekkfjørene under. Nebben er lang og spiss (spissare enn hosalke) og når fuglen flyg stikk dei gråsvarte føtene ut bakom fuglen. En viss prosent (som aukar dess lengre nord ein kjem) har ein kvit ring rundt auga og ein kvit strek bakover kinna. Desse vert kallaringvi. Om vinteren er haka og området bakom auga kvite.

Føde og beiting

[endre |endre wikiteksten]

Lomviar lever hovudsakleg av småfisk som dei fangar nær vassoverflata, slik somsandål,brisling,lodde,småsild ogålekvabbar. Ved høve kan dei takrepsdyr,børsteormar ogblautdyr. Det daglege inntaket av føde er mellom 90 og 300 gram, som svarar til ca. 10 til 30 % av kroppsmassen. Avhengig av tilgjenge av føda, kan lomviar flyge langt frå kolonistaden i hekketida for å ta byttedyr. Typisk kan rekkevidda variere mellom 8 og 60 kilometer som i Alaska. PåNewfoundland derimot, søker fuglane ulike beiteområde i hekketida, maksimalt 120 km frå reiret. I rugetida på Newfoundland tilbakelegg dei gjennomsnittleg 38 kilometer kvar veg per flygetur. Etter klekking, på 1990-talet, vart avstanden redusert til under 5 kilometer.[2]

Under dukket sym lomvien med vridande og flapprande vengerørsler. Maksimal djupne registrert er 180 meter, men fuglane dukkar vanlegvis til monaleg grunnare djupner, normalt til mellom 20 og 50 meter. Saman medpolarlomvi er dei alkefuglane som kan dukke djupast. Dette skyldast kroppsmassen deira. Typisk for jaktåtferda til lomvien er at han først berre stikk hovudet i vatnet opp til over auga og dermed observerer fisken. Gjennomsnittleg dukketid er rundt eitt minutt per dukk. Likevel har dukk på over 3 minutt for denne arten òg vorte registrert.[2]

Læte

[endre |endre wikiteksten]

Ved koloniane er det mykje læte i lomviane. Det vanlegaste er eit oppatteke nasaltwha wha wha som går over i eit langtrekt rautande eller brusande læte. I flukt er lomvien stille.

Utbreiing og taksonomi

[endre |endre wikiteksten]

Fuglen hekkar i det nordlegeEuropa; påIsland, i kystbandet iSkandinavia,Storbritannia og langs store delar av atlanterhavskysten, iAsia; iRussland,Nord-Korea ogJapan, iNord-Amerika; iAlaska,Canada,USA og påGrønland.

Den globale populasjonen var ca. 18 millionar individ per 1996. Dei største populasjonane finst i farvatn ved USA inkludert Alaska, totalt 6 millionar individ i 1990. I Noreg var det opp til 15000 par i år 2000. Den globale populasjonen er trudd å auke, medan hekkebestanden i Europa inkludert Noreg er minkande.[3]

Arten vert delt inn i femunderartar:

  • Lomvi og ringvi. Bildet er frå Runde i Møre og Romsdal Foto: T. Müller
    Lomvi og ringvi. Bildet er fråRunde iMøre og Romsdal
    Foto: T. Müller
  • Flygande ringvi Foto: Andreas Trepte
    Flygande ringvi
    Foto: Andreas Trepte
  • Variantar av lomviegg
    Variantar av lomviegg

Førekomst i Noreg

[endre |endre wikiteksten]

INoreg hekkar fuglen spreidd ifuglefjell fråRogaland tilFinnmark. Dei største koloniane er påRøst og nordover og femnar om meir enn 90 % av den norske bestanden. Lomvien er svært sosial og hekkar i tette koloniar i fuglefjell. Fuglane bygg ikkje reir og legg egga direkte på fjellet. Lomviane likar opne, breie fjellhyller og større, flate areal på toppen av fuglefjellet.I Noreg har det vore store endringar i lomvibestanden, og på 1990-talet hekka det mindre enn 30 000 par på fastlandet.Hjelmsøy i Vest-Finnmark var ein gong den desidert største kolonien i landet, og i 1965 vart talet hekkande par rekna til 110 tusen, men sidan den gongen har talet minka kraftig: 70 tusen par i 1975, 5 000 par i 1986 og 1000 par året etter. Også påNord-Fugløy og Røst har fugletalet gått kraftig attende. Nedgangen kjem m.a. av at lomviar har drukna i fiskegarn. Lengre aust, i Aust-Finnmark, var det ein mindre tilbakegang fram til 1975, og så ein liten auke. Deretter vart bestanden redusert med 80-90 % som følgje av kollaps hoslodda. Lomvi er ført opp som kritisk truga på norsk raudliste for artar, 2021.[4]

Hekking

[endre |endre wikiteksten]

Lomvihekkar ikkje før fuglen er 4-5 år gammal. Hoa legg eittegg i mai eller juni. Lomvi lagar ikkje reir, men legg egga direkte på berget. Eggeskalet er sjølvreinsande. Egga er også pyramideforma i eine enden, noko som kan hindra dei i å rulla ned frå fugleklippene.[5]

Begge foreldra rugar i 32 døgn. Ungen er sjølvstendig etter kort tid. Han har tettdundrakt og vert mata medsmåfisk. I løpet av dei første to vekene treng ungane 27-49 gram fisk per døgn.[2]

Namn på ulike språk
Lomvi
Norrønt
Langvé
Svensk
Dansk
Engelsk
Tysk
Fransk
Spansk
Russisk

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Denne artikkelen bygger på «Sillgrissla» fråWikipedia på svensk, den 29. februar 2012.
  • Rob Barrett 1994:LomviUria aalge s. 250 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu
  • CAFF, 2004. Distribution of Murres Outside the Breeding Season. “Circumpolar Murre Banding Program”. CAFF International Secretariat, Akureyri, Iceland, i-iv + 20 pp. ISBN: 9979-9526-7-9 uri=http://hdl.handle.net/11374/181
Referansar
  1. Det norske akademis ordbokoppslag på lomvi Henta 4. september 2021
  2. 2,02,12,2Ainley, D. G., D. N. Nettleship, og A. E. Storey (2021). Common Murre (Uria aalge), version 2.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, P. G. Rodewald, og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.https://doi.org/10.2173/bow.commur.02
  3. BirdLife International (2021)Species factsheet:Uria aalge Henta 4. september 2021
  4. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november).Fugler: Vurdering av lomvi Uria aalge for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  5. Victoria Gill,Guillemot eggs are self-cleaning, bbc.co.uk, 5. juli 2013

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon omUria aalge
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Lomvi
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lomvi&oldid=3484451»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp