Loch Ness (skotsk gæliskLoch Nis) er ein stor og djupinnsjø (loch) i detskotske høglandet, kring 37 km sørvest forInverness. Loch Ness er mest kjend for einsjøorm som skal halda til der, populært kalla «Nessie» etter namnet på sjøen. Mange hevdar å ha sett eit stortmonster symjande i innsjøen, men det er ikkje prova at eit slikt vesen verkeleg finst. Det har vore organisert fleire store leiteaksjonar etter monsteret, men ingen har lukkast i å finna det. Frå ulike stader kring Loch Ness går det båtar, slik atturistar får høve til å sjå etter ormen.
Loch Ness er ein av fleire skotske sjøar som blei skorne ut avbrear under tidlegareistider. I flatevidd er han den andre største sjøen i Storbritannia, etterLoch Lomond, og den største sjøen i den geologiskeforkastingaGreat Glen. I vassmasse har Loch Ness meir vatn enn alle innsjøar iEngland ogWales til saman. I tillegg til å vera ein stor og djuploch har Ness særs dårlegsikt på grunn av mykjetorv i jordsmonnet rundt.