Ljubljana (tyskLaibach) erhovudstaden iSlovenia og den største byen i landet. Han har om lag 285 000 innbyggjarar. Ljubljana er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i landet. Gjennom historia har byen vorte prega av å ligge i overgangssonen mellom germansk, latinsk og slavisk kultur.
Byen ligg sentralt i Slovenia ved elvaLjubljanica, 10 kilometer frå denne elva sitt utløp i elvaSava.
Rundt år 2000 f.Kr. vartLjubljanamyrene busett av folk som heldt til i trebygg på pålar. Desse menneska levde av jakt, fiske og primitivt jordbruk. For å kome seg rundt i myrene nytta dei kanoar laga av uthola trestammer. Seinare ko mange forskjellige stammer og folk gjennom området.[2] Landet vart først kolonisert avvenetarar, etterfølgd av deiillyriske japodarane. På 2000-talet kom så denkeltiske stammatauriskarar.[2]
Rundt år 50 f.Kr. bygderomarane ein militærleir som seinare vart den permanente busetnaden Iulia Aemona (Emona).[3] Denne festninga vart okkupert avLegio XV Apollinaris.[4] I 452 vart han øydelagd avhunarar etter ordre fråAttila,[3] og seinare avaustgotarar oglangobardar.[5] Emona hadde fem-seks tusen innbyggjarar og spelote ei viktige rolle i mange av desse slaga. Mursteinshusa i forskjellige fargar var alt knytt til eit felles dreneringssystem.[3] På 500-talet flytta stamfedrane tilslovenarane til området. På 800-talet kom dei underfrankisk dominans, medan dei stadig vart angripe avmadjarane.[6]
Namnet på byen,Luwigana, dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1144.[5] På 1200-talet var byen delt inn i tre sonar:Stari trg («Gamletorget»),Mestni trg («Bytorget») ogNovi trg («Nytorget»).[6] I 1220 fekk Ljubljana bystatus og rettar til å prege sine eigne myntar.[6]
På 1400-talet vart Ljubljana kjend for kunsten som vart produsert her. Etter eit jordskjelv i 1511 vart byen bygd opp att irenessansestil, og det vart bygt ein ny mur rundt han.[7] På 1500-talet hadde byen rundt 5000 innbyggjarar. 70 % av dei haddeslovensk som morsmål, medan resten hadde tysk.[7] I 1550 vart dei to første bøkene skrivne i Slovenia gjevne ut her. Det var eikatekisme og einabecedarium, etterfølgd av ei omsetjing avBibelen. På denne tida haddereformasjonen samla seg rundt byen. FLeire viktige lutherske forkynnarar levde og arbeidde rundt og i Ljubljana, somPrimož Trubar,Adam Bohorič ogJurij Dalmatin. På denne tida vart den første vidaregåande skulen, offentlege biblioteket og trykkeriet opna i Ljubljana.[7] Ljubljana vart dermed det klart fremste senteret forslovensk kultur, ein posisjon byen har halde på sidan. I 1597 komjesuittar til byen og oppretta ein ny vidaregåande skule, som seinare vart eit universitet. På slutten av 1600-talet dukka det oppbarokk arkitektur då utanlandske arkitektar og skulptørar kom hit.[7]
Undernapoleonskrigane vart Ljubljana frå 1809 til 1813 hovudstad iDei illyriske provinsane.[5][8] I 1815 kom byen igjen inn under austerrikarane, og frå 1816 til 1849 var han ein del avKongedømet Illyria. I 1831 var han vertskap forLaibachkongressen, der dei politiske landegrensene i Europa dei neste åra vart fastsett.[9] Det første toget kom til byen i 1849 fråWien, og i 1857 vart toglinja strekt vidare tilTrieste.[8] Ljubljana fekk elektrisk straum i 1898.[8] I 1895 vart Ljubljana, som då hadde 31 000 innbyggjarar, råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,1 pårichterskalaen. 10 % av dei 1400 bygningane i byen vart øydelagde, men det gjekk få menneskeliv med i katastrofen. Under gjenoppbygginga som følgde vart mange av bydelane bygd opp iArt Nouveau-stil.[8]
Etter den andre verdskrigen vart Ljubljana hovudstad iSosialistrepublikken Slovenia, ein del avJugoslavia, fram til 1991 då Slovenia fekk sjølvstende. Ljubljana vart verande hovudstad i Slovenia, som kom med iEU i 2004.[10]