Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Litauisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litauisk
lietuvių kalba
KlassifiseringIndoeuropeiske språk
 Baltisk
  Litauisk
Bruk
Tala iLitauen
OmrådeBaltikum
Litauisktalande i alt3 154 180[1]
RangeringIkkje topp-100
SkriftsystemLatinsk
Språkkodar
ISO 639-1lt
ISO 639-2lit
ISO 639-3lit

Litauisk er liksomlatvisk eitbaltisk språk, og det blir tala av 4 millionar menneske, av dei 3 millionar iLitauen. Det blir sett på som eit av dei moderneindoeuropeiske språka som ligg nærast det opphavlege indoeuropeiske språket, særleg når det gjeldintonasjon ogaksent. Dette, og det at litauisk i så liten grad har vorte påverka av andre språk, gjer at litauisk har stor verdi innan den samanliknande språkforskinga.

Det litauiske språket kan sjåast som eit godt døme på at utryddingstrua språk faktisk kan styrkje seg att. For vel hundre år sidan var litauisk på veg å bli borte.

Det finst to større litauiskedialektar, kallaaugstaitiskan ogzemaitiskan (den sistnemnde i nordvest-Litauen). Den førstnemnde ligg til grunn for skriftspråket. Denne dialektkløyvinga skal ha skjedd alt på1400-talet.[1]

Litauisk brukardet latinske alfabetet, med nokre tillegg avdiakritiske teikn. Litauisk har to grammatikalske kjønn, manglar artiklar, og har åtte kasus (fall). På grunn av alle kasusa, har ordstillinga ikkje noko å seie for meininga, og kan variere mykje.

Litauisk vart eit skriftspråk først på1500-talet, derfor er den tidlege historia lite kjend. Syntaksen skal vere påverka avlatin ogpolsk. I dag kan nær alle litauararlesa og skriva.

Eit fenomen i litauisk namneskikk er dét at familienamnet til kvinnene får ulik form slik: Ugifte kvinner har familienamn på-aite,-yte,-iute, som utgår frå etternamnet til faren, og gifte kvinner har familienamn på-iene, som utgår frå etternamnet til ektemannen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Ethnologue report for language code:lit
Vestbaltiske språk †
Austbaltiske språk
Spire
Dennespråkartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Litauisk&oldid=3511418»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp