Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Litauen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Lietuvos Respublika

(norsk: Litauen, litauisk)

Det litauiske flaggetDet litauiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Tautiška giesme»
MottoVienybė težydi (Lét sambandet bløma)
Geografisk plassering av Litauen
Offisielle språkLitauisk
HovudstadVilnius
Styresett
Parlamentarisk republikk
Gitanas Nausėda
Inga Ruginienė
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
65 300 km² (122.)
4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 823 859 (138.)
43,2 /km² (137.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
  - Tapt
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
FråRussland
16. februar1918
12. juli1920
1940
FråSovjetunionen
11. mars1990
6. september1991
Nasjonaldag16. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
82 140mill.USD (87.)
29 100USD (44.)
ValutaEuro
TidssoneUTC +2
Telefonkode+370
Toppnivådomene.lt


Republikken Litauen (litauiskLietuvos Respublika, kortnamnLietuva) er ein stat som ligg vedAustersjøen nordaust iEuropa.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Litauen er kjend frå1009.Storfyrstedømet Litauen var eit av dei største landa i Europa på 1400-talet. Frå 1795 til 1918 var Litauen underlagt Russland. Underden fyrste verdskrigen kom området undertysk kontroll, og under tysk innverknad erklærte den11. desember1917 Kongedømmet Litauen seg uavhengig av Russland med hertug Wilhelm av Urach, greve av Württemberg, som konge under namnetMindaugas II av Litauen. Litauen vart erklært som eit sjølvstendig land16. februar1918. Landet endra forfatning tilrepublikk den 2. november same året.15. juni1940 vart landet okkupert avSovjetunionen. Denne ulovlege okkupasjonen varte til august 1991.

Politikk

[endre |endre wikiteksten]

Lovgjevende forsamling:Seimas.
Styreform:Parlamentarisk republikk.
Litauen har ei eitkamra nasjonalforsamling (Seimas) med 141 representantar som blir vald for periodar på fire år. Presidenten blir vald av i direkte val for periodar på fem år. Presidenten utnemner Statsministeren som utpeiker regjeringa si som må godkjennast av nasjonalforsamlinga. Presidenten har hovudansvaret forLitauens utenrikspolitikk.

Heilt sidan sjølvstendet fråSovjetunionen i 1991 har medlemskap i internasjonale fora stått fremst i både innanriks- og utanrikspolitikken. Litauen har vorte medlem av mellom annaDei sameinte nasjonane (SN),Den nordatlantiske forsvarsalliansen (NATO) ogDen europeiske unionen (EU - frå 1.5.2004). Litauen deltar også iDet baltiske råd ogAustersjørådet.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåLitauisk geografi.

Litauen ligg i Nord-Europa ved Austersjøen som landet har ei 99 km lang sanddekt kystlinje mot. I luftlinje er berre kystlinja om lag 38 km mot havet, som er det kortaste av landa i Baltikum. Årsaka til den lange lengda erDen kuriske landtunga som strekkjer seg ut mellom Austersjøen ogDen kuriske bukta. Berre eit smalt sund går mellom bukta og havet og i dette sundet liggKlaipėda, den store isfrie hamnebyen til Litauen. Den kuriske bukta er ein grunnlagune som strekkjer seg sørover tilKaliningrad. Den største elva i Litauen,Nemunas, munnar ut i bukta. Denne, og nokre av sideelvane hennar, har noko skipstrafikk.

Landskapet i Litauen vart forma av isbreane under den siste istida. Ein har noko høgare moreneområde i vest og i aust, men ingen stader er høgare enn 300 meter over havet. Den høgaste toppen erAukštojas på 294 meter over havet. Litauen har mange innsjøar og myrområde. Ei sone av blandingsskog dekkjer om lag 30 % av landet. I følgje ein geografiske datamodell, liggVilnius berre nokre få kilometer sør fordet geografiske senteret i Europa.

Litauen består av følgjandehistoriske og kulturelle regionar:

Litauen grensar til følgjande land:

Sjøgrense iAustersjøen: 99 km.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Det meste av Litauen ligg berre eit par timars køyretur frå Austersjøen og har eit temperert ogmaritimt klima. Dei indre områda av landet, inkludert turistområdaVilnius ogTrakai, har derimot større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter. Vinteren er kald over heile landet, men kystområda er ein god del mildare enn resten av landet, og kan ha periodar med plussgrader. Sørvestlege delar av kysten er opp til 2 °C varmare enn innlandet om vinteren. Ein harsnøfall med jamne mellomrom, og på kysten av og tilregn. Somrane er milde, og innimellom kan ein få nokså varme dagar i juli og august. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Vilnius har ein årleg nedbørsnormal på 662 mm.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]

Litauarane har assimilert opp i seg ei rekke tidlegarebaltiske folkegrupper som til dømesjotvingerane,gammelprøysserane ogselerane. Av folkesetnaden i dag er 82 % litauarar, 8% russere og 6%polakkar. Under den sovjetiske okkupasjonen vart det ført ein aktiv russisk kolonialiseringspolitikk mot dei baltiske landa. 68,5 % av alle innbyggjarar bor i byar.

Landet har ingen statskyrkje, men denDen romersk-katolske kyrkja har mest oppslutnad.

Endringar i folketalet i perioden 1994-2005

[endre |endre wikiteksten]

Folketalet i Litauen har gått ned med over 200 000 dei siste ti åra. Ein reknar med at 13 % av dei yrkesaktive i landet haremigrert, fyrst og fremst for å skaffe seg betre betalte jobbar. Denne tendensen har auka kraftig i samband med EU-medlemskapen. Mange jobbar er nå ledige på grunn av utvandringa. Tabellen under viser utviklinga av folketalet ved byrjinga av kvart år i antal tusen.

199419951996199719981999200020012002200320042005
3671,33643,03615,23588,03562,33536,43512,13487,03475,63462,53445,83425,5

Største byar

[endre |endre wikiteksten]

Tal frå 1. januar 2004

  1. Vilnius: 541 082
  2. Kaunas: 368 913
  3. Klaipeda: 190187
  4. Siauliai: 131 181
  5. Panevezys: 117 593
  6. Alytus: 70 717
  7. Marijampole: 70 305
  8. Mazeikiai: 66 773
  9. Kedainiai: 65 049
  10. Telsiai: 56 735

Litauen er inndelt i 10fylke (lit.apskritys) og60 kommunar. Innbyggjartal i fylka frå 1. januar 2004:

  1. Alytus fylke: 184 807
  2. Kaunas fylke: 691 445
  3. Klaipeda fylke: 383 250
  4. Marijampole fylke: 186 736
  5. Panevezys fylke: 295 161
  6. Siauliai fylke: 364 076
  7. Taurage fylke: 132 729
  8. Telsiai fylke: 178 141
  9. Utena fylke: 181 113
  10. Vilnius fylke: 848 399

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Litauen
EU
EFTA
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Litauen&oldid=3626935»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp