Litani (arabisk نهر الليطاني,Nahr al-Līṭānī; i antikkenLeontes) er ei viktig elv sør iLibanon. Elva spring ut i den frodigeBeqaadalen vest forBaalbek, og munnar ut iMiddelhavet nord forTyr. Ho er meir enn 140km lang og er den lengste elva i Libanon med ei årleg vassføring på kring 920 millionar kubikkmeter.[1] Heile elva flyt innafor grensene til Libanon og ho er ei stor kjelde for vassforsyning, vatning og vasskraft både iSør-Libanon, og for heile landet.
Etter å ha runne sørover, parallelt til den syriske grensa, svingar ho brått vestover, like før grensa til Israel. Nær denne svingen er Litan berre fem kilometer fråHasbanielva og fire kilometer frå den israelske grensa.
Delen av elva som renn vestover vert kallaQasimiyeh. Qasmieh-Ras-el-Aïn-regionen får vatn frå elva via vatningskanalar som strekkjr seg sørover og nordover frå elva. Vatningsområdet dekkjer 32,64km² og er eit av dei største i landet, delt av kring 1250 bønder, som hovudsakleg dyrkar sitrus og bananar.(Raad 2004). Denne delen av elva, heilt fram tilMiddelhavet, renn nesten parallelt til (og kring 30 km nord for den israelske-libanesiske grensa. 10km nord for Tyr, kryssar elva den gamleLeontesbrua. I juni 1941 var elvemunningen åstad for eit åtak av britiske kommandosoldatar og australske soldatar mot franskeVichy-styrkar i det som vart kjend somslaget ved Litani.
Qaraounsjøen er ein kunstig innsjø på 11 kvadratkilometer, skapt avLitanidemninga, som er 60 meter høg og 1350 meter lang. Denne stod ferdig i 1959. Ein undergrunnsstasjon vert nytta til å produsere opp mot 185 megawatt elektrisitet, det største vassenergiverket i Libanon. Demninga vart opphavleg meint å gje kunstig vatning til 310km² av jordbruksland i Sør-Libanon og 80km² i Beqaadalen. Det ligg fleire hotell og restaurantar ved innsjøen.
Ramadan, H.H., Beighley, R.E and Ramamurthy, A.S. (2013). «Temperature and precipitation trends i Libanon’s largest river: the Litani Basin”, American Society of Civil Engineers, Journal of Water Resources Planning and Management, 139 (1), pp.86-95.
Ramadan, H.H., Ramamurthy, A.S., and Beighley, R.E (2012). «Inter-annual temperature and precipitation variations over the Litani Basin in response to atmospheric circulation patterns”, Theoretical and Applied Climatology, Volume 108, Numbers 3-4 (2012), s. 563-577.
Ramadan, H.H., Beighley R.E. and Ramamurthy A.S. (2012). «Modeling Streamflow Trends for a Watershed with Limited Data: A case on the Litani Basin, Libanon” Hydrological Sciences Journal, 57 (8), s. 1516-1529.
Ramadan, H.H., Ramamurthy A.S. and Beighley R.E. (2013). «Sensitivity of the Litani Basin’s runoff i Libanon to climate change.” International Journal of Environment and Pollution (in press).
Bregman, Ahron (2002).Israel's Wars: A History Since 1947. London: Routledge.ISBN 0-415-28716-2
Raad, Daoud, 2004. «Localized irrigation in Qasmieh-Ras-el-Aïn: a technique to be encouraged"pdf fileArkivert 2006-08-24 vedWayback Machine.