Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Linjal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av stållinjal med skalaar for både millimeter/centimeter og tommar.
Bruka av linjal.

Linjal er einreiskap ein kan bruka til å teikna og måla rettelinjer med. Han har gjerne form som ei lang, smal og rett plate som kan vera av tre, metall eller plast. Ei eller begge sidene kan vera delte opp i måleiningar somcentimeter ogmillimeter ellertommar. Ordet «linjal» er avleidd fråmellomalderlatinlineale, ei adjektivsform avlinea 'linje'.[1]

Linjalar kan brukast innangeometri ogkonstruksjonsteikning, og er eit viktig hjelpemiddel i fleirehandverk. Reiskapen blir blant anna brukt av skuleelevar,matematikarar,ingeniørar,arkitektar,designerar,tekniske teiknarar,typografar ognavigatørar. Ofte brukar ein dei saman med reiskapar sompassar,gradskive ogvinkelmålar.

Typar

[endre |endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje ulike linjalar for ulike bruksområde, med ulike utformingar og tilleggsfunksjonar:

  • vinkellinjal er forma som ei fast eller justerbar vinkelhake eller fasttrekant med hjørne som har ulikevinkelstorleikar. Vanlege hjørnevinklar er 90, 60, 45 og 30 grader.
  • hovudlinjal er utstyrt med eit flatt eller vridbart tverrstykke i enden. Dette kan ein leggja mot kanten av teiknebrettet eller papiret slik at ein lettare kan oppnå ønska vinklar og retningar i høve til ein fast kant.
  • skalalinjal er ein linjal med trekanta profil slik at han får seks langsider og kan visa måleiningar i seks ulike skalaer ellermålestokkar. Slike linjalar kan ein bruka for å raskt måle avstandar påplanteikningar ogkart der storleikstilhøva er gjevne i ulikemålestokkar.
  • boge- ellerkurvelinjal blir brukt til å teikna opp kurver og andre geometriske former.
  • parallellinjal er sett saman av fleire linjalstykke som kan justerast i høve til kvarandre når ein skal laga parallelle linjer.
  • rullelinjal er utstyrt med små hjul slik at linjalen kan flyttast presist over arket og det blir lettare å teina parallelle linjer
  • tavlelinjal er ein større, meterlang linjal med handtak og lett synlege cm- og desimeter-merke for bruk på eiveggtavle i undervisning.
  • typometer er ein linjal medtypografiske ogmetriske måleiningar. Typometer kan omfatta smaleciceromål i metall eller plateforma variantar med ulike typografiske einingar og anna trykka på gjennomsiktig plast.
  • skjerelinjal er ofte av metall og blir særleg brukt når ein skal laga rette kutt i papir og kartong.
  • kantlinjal er utsyrt med ein tjukkare, boga kant for bretting eller falsing av papir
  • meterstokk er ein samanleggbar linjal som særleg blir brukt avsnikkarar. Meterstokkar er vanlegvis laga av tre samanføyd med metallpunkter og viser både metriske måleiningar og tommar.
  • diopterlinjal ellersiktelinjal blir brukt ilandmåling eller på eit målebord.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Ein meterstokk er ein samanleggbar linjal av tre.
    Einmeterstokk er ein samanleggbar linjal av tre.
  • Skalalinjal med trekanta profil og måleiningar i seks ulike skalaar.
    Skalalinjal med trekanta profil og måleiningar i seks ulike skalaar.
  • Teiknebord med påmontert teiknemaskin med justerbare linjalar for teknisk teikning.
    Teiknebord med påmontertteiknemaskin med justerbare linjalar for teknisk teikning.
  • Plastlinjalar, blant anna ein med sjablongar for å teikna bokstavar og figurer med teknisk røyrpenn, og ein enkel reknestav.
    Plastlinjalar, blant anna ein medsjablongar for å teikna bokstavar og figurer med tekniskrøyrpenn, og ein enkelreknestav.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «linjal» iDet Norske Akademis ordbok

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Linjal
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Linjal&oldid=3353702»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp