Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Linear A

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linear A-inskripsjon på leirtavle som er funnen iAkrotíriSantorini.

Linear A er ein skrifttype som blei brukt til å skriva detetokretiske (også kalla minoiske) språket.

Linear A oppstod i denminoiske kulturenKreta, og blei brukt frå ca. 1750 f.kr. fram til Kreta blei invadert av greske folkeslag ca. 1420 f.kr. Skrifta blei brukt parallelt medkretiske hieroglyfar.

Eit nærståande alfabet,Linear B, blei brukt til å skriva ei arkaisk form forgresk, og blei brukt i den gamle palasskulturen iMykene på det greske fastlandet. Dette fyrste greske skriftspråket erstatta Linear A som administrasjonsspråk iKnossos og dei andre palassa på Kreta.

Mange av skriftteikna i Linear A finn ein igjen i det yngre skriftspråket Linear B, men utover det er det ikkje identifisert nokon slektskap mellom dei to språka.

Der er funne ei rekkje leirtavler og andre gjenstandar med inskripsjonar i Linear A både på Kreta og andre øyar iEgearhavet, og dessutan i Lahun i Egypt (ca. 1750 f.kr.). Det er likevel ingen som har klart å gje ei overbevisande tyding av dette skriftspråket.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Quirke, S. (2005):Lahun, a town in Egypt, s. 94-96.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Linear_A&oldid=3582122»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp