Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjåLik på segl.
Mor og far med si avdøde dotter. Iviktoriatida var det vanleg å ta bilete av lik somminne.

Lik (avnorrøntlík, 'skapnad; lekam, lik') erkroppen til eitmenneske som hardødd, det vil seia at allelivsfunksjonar har opphøyrd. Ein skil gjerne mellom kroppen til døde menneske, som blir kalla lik, og tildyr, som blir kallakadaver elleråtsel. Gamle, medherja lik kan også kallast kadavar, eller bli rekna somleivningar om dei er svært gamle.

Lik får som regel ei særskild behandling som reflekterer at dei er menneskelege, samstundes som dei ikkje er levande menneske lenger. Ein kan til dømes utføra visse personlege, religiøse eller tradisjonelle ritual i samband med dei, vaska, stella og kle dei dei eller dekka dei til, og til slutt sende ein endeleg stad, til dømesgravlagde,kremerte eller liknande. Ved nokre konfliktar kan lik bli vanæra avhat mot det den avdøde var eller stod for då han levde. Ein kan då til dømes nekta dei ei skikkeleg gravferd.

Det er også knytt til eit visst ubehag i høve til lik. Lik iromtemperatur vil byrja einforråtningsprosess, og lik av folk som har døydd av ein smittsam sjukdom kan spreiasmitte. Det å sjå og lukte lik kan også vera ei psykisk påkjenning. Derfor oppbevarer ein gjerne lik på ein stad somlikhus, der ein held ein låg temperatur, ellerbalsamerer dei eller gravlegg dei kort tid etter at nokon har døydd. Vidare er det knytt mykje folketru og dikting tildaudingar og til «levande døde», somdraugar ellervampyrar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lik&oldid=3435468»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp