«Lights Off» Song avWe Are Domi | ||
![]() | ||
Land | Tsjekkia,Noreg | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 6. desember2021 | |
Sjanger | Indiepop,elektropop | |
Lengd | 02:59 | |
Låtskrivar(ar) | Einar Eriksen Kvaløy, Abigail Frances Jones, Dominika Hašková, Casper Hatlestad, Benjamin Rekstad |
---|
«Lights Off» (norsk omsetjing 'ljosa av') er einindiepopsong frå2022 med dennorsk-tsjekkiske gruppaWe Are Domi. Songen vardet tsjekkiske bidraget iEurovision Song Contest 2022 iTorino iItalia.
«Lights Off» vart skriven i september 2021 under låtskrivarsamlinga Songwriting Camp CZ i Tsjekkia.[1] På oppdrag frå det norske selskapet Arctic Rights Management drog den norske produsenten Einar Eriksen Kvaløy til leiren, der han traff på bandetWe Are Domi, som består av dei norske musikarane Casper Hatlestad og Benjamin Rekstad og den tsjekkiske vokalisten Dominika Hašková. Saman med denbritiske låtskrivaren Abigail Frances Jones jobba dei heile dagen med å lage ein song. Etter dette bestemte dei seg for å bruke kvelden på å skrive ein låt til, og denne låten var «Lights Off».[1]
«Lights Off» handlar om å kome seg vidare etter eit kjærleiksbrot, trass alle sorger, anger og fortviling.[2]
I oktober vart «Lights Off» plukka ut til å delta i den tsjekkiske songtevlingaEurovision Song CZ 2022, der vinnaren fekk representere Tsjekkia iEurovision Song Contest 2022. Kvaløy flaug tilbake tilPraha for å gjere låten ferdig og produsere han.[1]
Eurovision Song CZ 2022 vart arrangert av kringkastarenČeská televize i desember 2021. Sju bidrag deltok, og vinnaren vart kåra av ein kombinasjon av ein internasjonal jury på tolv personar, ein internasjonal internettavrøysting og ei telefonavrøysting blant tsjekkiske tv-sjåarar. «Lights Off» vann dei to fyrste, men kom på fjerdeplass hos dei tsjekkiske tv-sjåarane. Trass dette vann songen samanlagt og vart det tsjekkiske bidraget tilEurovision Song Contest 2022 iTorino iItalia.[3]
I Eurovision Song Contest deltok «Lights Off» i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Songen enda på fjerdeplass av 18 bidrag i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen var bidraget det fyrste ut på scena og enda til slutt som nummer 22 av 25 med 38 poeng.[4]
Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() | 43 |
![]() | 27 |
![]() | 4 |
![]() | 17 |
![]() | 5 |