Lewisgun er eitamerikansk lettmaskingevær.
Lewisgun vart oppfunne av den amerikanskeoberstenIsaac Newton Lewis i1911, basert på eit designar avSamuel Maclean. Våpenet vart ikkje teke i bruk av den amerikanske hæren, men vart brukt i stort mengd avbritiske og samveldetroppar underførste verdskrigen.[1] Imellomkrigstida vart våpenet utfasa til fordel forBrengun, men likefullt vart det brukt under heileandre verdskrigen, blant anna på køyretøy, og erobra eksemplar vart brukt avVolkssturm heilt til slutten av krigen.[2] Under andre verdskrigen vart Lewisgun òg brukt på fiskebåtane tilShetlandsgjengen.[3]
Den viktigaste eigenskapen som bidrog til gjera Lewis-maskingeværet populært var den låge vekta. I motsetnad tilVickers maskingevær var Lewis sin konstruksjon luftavkjølt, og vog med det berre 12 kilo. Den hadde òg eit flatttallerkenmagasin i staden forammunisjonsbelte, som bidrog til at det var mogleg å bringa med seg for ein enkelt mann under framrykking.[1] Sjølv om det først og fremst var tenkt brukt til framrykkande troppar, heldt den portugisiske soldatenAníbal Milhais tilbake to tyske regiment med ein enkelt lewisgun underslaget ved Lys i 1918.[4]
Ein anna viktig årsak til populariteten var at det var raskare å produsera enn andre maskingevær på den tida. Det var noko dyrare enn ein Vickers, men det var stor etterspurnad etter det lette og lett-tente våpenet frå soldatane på slagmarka.[5]
I motsetnad til andre samtidige maskingevær som brukterekylmekanisme, hadde konstruksjon til Lewisgassmekanisme. Gass-stempelet låg under løpet og var tanna på undersida. Eittannhjul dreiv stempelet ogsluttstykket framover igjen etter kvart skot.Rekylfjøra var ikkje ei spiralfjør, men ei flatklokkefjør som låg i eit lite rom under sjølveglidekassen.[6] Etterkvart som løpet vart varmare, endra spenninga i fjøra seg.[7] Ein liten knast på utsida av fjørhuset tillét skyttaren å heile tida stramma inn eller slakka fjøra, og ei velstilt rekylfjør var avgjerande for at våpenet skulle fungera godt.[3]
Kjøling er eit vedvarande problem for maskingevær. For å gjera luftavkjølinga meir effektiv hadde løpet ein serie med kjøleribbar ialuminium rundt løp og gasstempelet. Desse var omgjeven av ei tynn kappe (òg i aluminium), omtrent som eit omnsrøyr. Når våpenet vart avfyrt, drog kruttgassane frå skotet med seg luft ut frå kappa føre, medan ny kald luft vart soge inn i kappa bak. Aluminium har mykje lågarevarmekapasitet enn stål, slik at løpet vart kjølt ned fortare.[7]
På fly der det berre vart skutt korte byer vart òg kjølekappa og ribbane fjerna. Desse våpna fungerte òg heilt greitt på bakken, sjølv om dei vart noko raskare varme enn kjølekappe. Imellomkrigstida kom nye versjonar utan kjølekappen. BerreRoyal Navy heldt på kjølekappene på sine gjennom heile andre verdskrigen.[7]
I opptakta til andre verdskrigen vart våpenet med klokkefjøra og tallerkemagasinet sitt sett på som forelda, men store mengder vart teke ut av reservane og etter atBritish Expeditionary Force måtte la nesten alle sina nyareBrenguns verta igjen vedDunkerque underOperasjon Dynamo. Den siste versjonen kom med vanlegspiralfjør i kolben i staden for klokkefjøra, og med eit Brengun-typa bøygtboksmagasin i staden for tallerkenmagasin, men det nye våpenet hadde ingen fordeler i forhold til Brengun.[7]
Produksjonen vart stoppa i 1942, men våpenet vart likevel brukt gjennom resten av krigen og i mange år etterpå. Det forsvann frå førstelinjene i den britiske hæren underKoreakrigen, men vart brukt så seint som på 1990-talet av dei kroatiske styrkane under oppløysinga avJugoslavia.[8]